Laurdag var siste etappe i det todagars musikkgildet på Tromsvang. Det som starta som ein bransjedag i 2016, vart to dagar i år. Fåvang har tidlegare vore erklært som Rock City, og mista ikkje merkelappen etter innsatsen i helga, heller.

Litt for alle

Nå kunne det også vore fristande å dra litt i den tittelen, for her var det forutan fleire avartar av rock, også plass til det meste anna innanfor populærmusikkbegrepet. Den som ikkje greidde å finne noko å lytte til med eit smil om munnen laurdag, har moglegvis større ting å slite med enn musikksmaken.

Dessutan er det plent umogleg å ikkje bli oppstemt av å sjå og høyre så mange dyktige musikarar samla på ein gong. Nokon av dei heilt i startgropa av eit liv med musikken, andre har vore med "alltid."

- Det har også vore eitt av dei viktigaste grunnane for å få til Tromsa Live, det å samle alle som driv med populærmusikk på denne måten, seier initiativtakarar Brede Vestby og Christian Asphoug.

Dei har hatt med seg Laugen rock- og bluesklubb som tekniske arrangørar, og eit velvillig korps av ivrige musikantar som spelar for "øl og peanøtter" som ein sa laurdag.

Omkring 200 publikummarar var innom dørene på Tromsvang laurdag, der heidersprisvinnarane i boogierockbandet Hercules avslutta todagarsfesten.

Les meir om Tromsa Live i Dølen torsdag