Ole Kristian Sørlie frå Vinstra har fått laga videoen "Reportasje Gudbrandsdalsvegen" som vart lasta opp på YouTube søndag. Der harselerer han med Statens vegvesen sine planar om tiltak på gamle E6.

Planane har skapt ei valdsamt engasjement i Midtdalen den siste tida, og resultert i store oppslag i Dølen og GD, samt spaltevis med lesarinnlegg.

Tok videoen seriøst

Arbeidarpartipolitikar i Sør-Fron, Hege Bjørkli, delte videoen i Facebook-gruppa Gamle E6 gjennom Sør-Fron som velfungerende lokalveg med gulstripe der mange av sjåarane tydelegvis tok innhaldet seriøst.

Gruppa vart oppretta av ordføraren i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen.

Arkiverte gruppa

Søndag kveld arkiverte Muriteigen gruppa, slik at det ikkje lenger er mogleg å legge ut noko eller kommentere der.

- Eg har fått signal/meldingar om reaksjonar på enkelte innlegg og kommentarar. Med bakgrunn i at eg oppretta gruppa beklager eg det overfor dei det gjeld, og ber om at kommentarane blir sletta. Neste veke er det ikkje mogleg for meg å følgje nøye med i aktiviteten i gruppa, og gruppa vil derfor bli "arkivert" i ei periode frå i kveld, skriv Muriteigen i ein beskjed til gruppa sine medlemmar.

Les meir om lokalvegen i papirutgåva av Dølen torsdag.

Denne saken ble først publisert 27. mars 2017.

Skjermdump frå videoen, der Ole Kristian Sørlie agerer ingeniør med vegplanar. Foto: Skjermdump frå YouTube