Nervene er likevel brukbart under kontroll før NM på «heimebane» for Nyeng som Ringebu-Fåvang skiklubb, naboklubben til arrangørane.

– Eg tenker ikkje så mykje over det, men eg merkar jo at eg er litt nærare heime. På Gålå hører eg at folk heier på meg langs løypa, og det er berre artig, seier Nyeng.

Emil Nyeng gjekk også NM del to førre gong Gålå var arrangør. Han trivst i Gålå-løypene.

– Det var veldig god stemning for tre år sidan. Vi må satse på gjentaking av det i år. Uansett er det alltid bra å gå på Gålå, og eg håper folk kjem for å bli med og heie og skape liv.

Ligg bak og vakar

Nyeng fekk fjorårssesongen spolert etter ein svært sterkt sesongstart. I år har han kjempa seg attende til der han var før fjorårssesongen, med fleire sterke plasseringar mellom anna i skandinavisk cup. Men han vil meir.

– Eg ligg alltid litt bak og vakar. Det begynner eg å bli litt lei av, og neste år må eg gjere nokre forandringar for å ta det siste steget. Eg må bli råare på prioriteringane. Skal ein kunne leve av dette må ein ha ein spisskompetanse som ein kan utnytte. Derfor skal eg nå satse hardare på sprint, seier han.

Beste NM-allrounder

Men før neste sesong har Nyeng eit anna mål.

– Dei som er med på alle NM-distansane er med og knivar om ein pott på 15 000 kroner. Etter NM del 1 leiar eg samanlagt, og har som mål å vinne der. Da må eg gå fort både på 10 kilometer på fredag og femmila på søndag, seier Nyeng.

– Og ambisjonane elles for NM-helga?

– Det blir å gå to gode skirenn. Eg er sjølvsagt ingen pallkandidat når Sundby og gjengen stiller, men håper å gå fort og få vist meg fram frå mi beste side, særleg når det er kjentfolk som ser på, avsluttar Ringebu Fåvang-løparen.

Venabygdsfjellet: Nyeng i treningseldoradoet på Venabygdsfjellet. Foto: Bjørn Sletten Foto: Bjørn Sletten