At reguleringsplanarbeidet allereie før det er ferdig kan vera utdatert, kom fram på vegvesenets opne møte om planarbeidet i Ringebu onsdag kveld.

– Trist dag

Halve bygda hadde møtt opp for å høyre kva som skjer, sett i lys av at regjeringa i sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) onsdag.

Framlegget gjer at ein kan sjå langt etter snarleg utbygging. Regjeringa sitt framlegg dyttar ny E6 gjennom Ringebu heilt ut til siste del av neste tolvårsperiode.

– Det er ein trist dag for oss i vegvesenet, og ein trist dag for heile Gudbrandsdalen, opna prosjektleiar Taale Stensbye med, da han ønskte velkome til møtet.

Ekstra stolar måtte settast fram, og lokala fyltes opp så pass at fleire måtte sitta på gangen.

På nytt

Om regjeringas sitt framlegg blir ståande, blir ikkje E6 ferdig før godt innpå 30-talet. I så fall må reguleringsplanane oppdaterast og mykje av arbeidet vegvesenet held på med nå, må gjerast på nytt.

– Det betyr ikkje at arbeidet vi gjer nå er til inga nytte. Det er viktig med ei avklaring mellom dei to alternativa. Nasjonal transportplan skal også rullerast kvar fjerde år framover, presiserte Stensbye.

Engasjerte

Planleggingsarbeidet held derfor fram, men dersom NTP går gjennom Stortinsget til sommaren utan vesentlege endringar, vil det etter kvart bli ei nedrigging av organisasjon og rigg på Ringebu.

Ordførar Arne Fossmo slapp til med eit innlegg mot slutten av møtet, der han rasa mot regjeringa.

– Her gjer regjeringa ein svært dårleg jobb, seier han.

Han la til at NTP-framlegget er eit svik mot heile Gudbrandsdalen, og at utfordringane nå blir med å til dømes få på plass betre trafikksikkerheit gjennom sentrum, i konkurranse med alle andre formål i regionen.

– Det er ein grunn til at eg kler meg i svart, men har håp om alternativ til NTP frå opposisjonen, rulleringar av planen framover, og gode krefter som jobbar saman for å få ei raskare løysing. Ikkje minst gler det meg at så mange møter opp og er engasjert i dag, avslutta han.