Martine Myhrsveen og Gina Braastad (16) tykkjer det er dumt at skulevegen deira framleis skal vera E6 i lang tid.
            (Foto: Guro Vollen)

Martine Myhrsveen og Gina Braastad (16) tykkjer det er dumt at skulevegen deira framleis skal vera E6 i lang tid.Foto: Guro Vollen

Tryggleik på vent gjennom Ringebu

– Slik kan vi ikkje ha det

Konsekvensen av ei utsett E6-utbygging er mest tydeleg her; langs dagens skuleveg berre aukar trafikken.

Både politikarar, skuleelevar og andre er uroa.

Auke kvart år

Etter regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) før påske, kan ein tidlegast få ny E6-utbygging frå 2024.

– Det har vore trafikkauke kvart år sidan 1955, og det reknar vi med kjem til å halde fram, sa prosektleiar for E6 Ringebu-Otta, Taale Stensbye, på ope møte om planframdrifta. Møtet vart halde same dag som NTP vart lagt fram, og bar preg av det.

– Det er jo dumt at vegen blir utsett, her er det litt for farleg. Særleg på vinteren, når det er glatt og mindre plass på grunn av brøytekanten, seier Martine Myhrsveen og Gina Braastad.

Ungdomsskuleelevane går i likheit med mange andre barn og unge her, på veg mellom skulen eller idrettshallen og Ringebu sentrum.


Møte om E6-planlegging

Midtdalen bak i køa

Framlegget av NTP tidlegare på dagen fekk folk til å møte opp i hopetal, da vegvesenet heldt møte om ny E6 gjennom Ringebu.

 

Sett på vent

–Det er tryggleiken til ungane våre som blir sett på vent, seier Hilde Holtesmo, stortingskandidat for Ap frå Oppland til hausten.

Saman med ordførar Arne Fossmo, Frode Myhrvang og Kristin Teigen frå Ap i Ringebu, prøvegår ho skulevegen over brua fredag før palmehelga.

Ap-politikarane avviser at omkampen om trasé i Ringebu har medverka til den utsette utbygginga.

– Det blir ei unnskylding frå regjeringa. Dette kunne vore avgjort i departementet, men vart sendt attende til oss, og vi har lagt alt til rette, utbygginga kunne uansett ikkje starta før 2019; da er alt klart, seier Fossmo.

Holtesmo understrekar at AP har ei heilskapleg utbygging av E6 gjennom Gudbrandsdalen med i sitt alternative budsjett.

Kamp om midlar

Nå må politikarane i Ringebu ta opp kampen om trafikksikkerheitsmidlar med dei regionale vegstyresmaktene, på lik line med alle andre gode føremål.

– Foreldra i Ringebu vil ikkje akseptere slik skuleveg i ti år til, seier Kristin Teigen.

– Det er tullete at ein samstundes med at Øyertunnelen blir oppgradert med to løp, på grunn av trafikkauke, framleis skal ha det slik gjennom Ringebu, seier Myhrvang.

– Trafikken stoppar ikkje rett nord for Øyertunnelen, legg han til.

Meir å lese på Dølen:
 
Trongt: Det er trongt om plassen over brua i Ringebu sentrum, konstaterer ordførar Arne Fossmo, saman med Frode Myhrvang, Hilde Holtesmo og Kristin Teigen.
            (Foto: Guro Vollen)

Trongt: Det er trongt om plassen over brua i Ringebu sentrum, konstaterer ordførar Arne Fossmo, saman med Frode Myhrvang, Hilde Holtesmo og Kristin Teigen.Foto: Guro Vollen

Blir lese nå:
 
Siste nyheter

Kommunen stiller krav:

Kan kreve at kunsten fjernes

Mandag møter Nord-Fron kommune og fylkeskommunen kunstnerne bak kunstinstallasjonen i Kvam.

De skulle starte Bed & Breakfast, men velger nå å flytte fra Ringebu

Føler de ble motarbeidet av kommunen

Ekteparet Berit Thyra og Stein Pedersen hadde planer om å gjøre om «Stallen» til Bed & Breakfast, etter at de måtte avslutte gullsmedforretningen på grunn av et innbrudd.

Regionsamarbeid i hele dalføret

Fredag signerte alle ordførerne i Lillehammer og Gudbrandsdalen ei erklæring, hvor målet er å dra i samme retning.

Målpris til ein dialektelskar

Asbjørn Myrvang fekk torsdag kveld tildelt Fron Mållag sin målpris for 2017.