Trafikkuhell ved Fryasletta

Ein personbil havna i grøfta tysdag ettermiddag.

Vegen er rydda etter uhellet tysdag ettermiddag.Foto: Tone Sidsel Sanden, arkiv.

Nyheter

Uhellet skjedde rett før klokka 13.00 tysdag. Ein personbil fekk hjulet utanfor vegskuldra og greidde ikkje få bilen opp att, og havna i grøfta. Ein politipatrulje bisto på staden, og det skal ikkje vera personskader.

Operasjonssentralen opplyser at det oppsto litt kø, men at staden nå er rydda.