Gudbrandsdalen er ei underkommunisert merkevare, meiner næringsforeninga i Midtdalen. Nå vil dei realisere draumen om felles marknadsføring.

– Dette starta da eg var med til Røros rett etter at eg hadde starta i jobben i næringsforeninga. Der såg vi at alt rørosingane gjer er samla under ein paraply, Røros-namnet, anten det er avtrekkshetter til kjøkenet eller det er mat. Og kvifor kan ikkje vi få til noko liknande, som sit med det sterke merkenamnet Gudbrandsdalen? Rørosingane misunner oss namnet. Vi sit på ei gullgruve, meiner dagleg leiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Frank Mathisen.

Skepsis

Tanken er at G-rosa kan pryde alle varer og tenester som kjem frå Gudbrandsdalen, ved sidan av produsentane sine eigne, sterke merkenamn.

– Noko av skepsisen mot dette har nok vore at ein har vore redd for at eins eiget merkenamn skulle drukne, seier Mathisen.

Særleg gjeld dette reiselivsnæringa, der ein har fleire ulike merkenamn som alle marknadsfører den same vara: Gudbrandsdalen.

Mathisen meiner at å co-brande det geografiske området vårt burde vera uproblematisk.

– Men kvifor skal vi gjere det?

– Gudbrandsdølane og dalen har eit kvalitetsstempel. Kvifor skal vi gjøme det bort? spør Mathisen, som meiner vi har langt større føresetnader med å lykkast med ein slik strategi enn dei fleste.

– Blant våre 140 medlemsbedrifter er det nå stort sett einigheit om å kjøre dette i gang. Målet er å samle Midtdalen fyrst, og så kjem resten av dalen etter, avsluttar Mathisen.