Vår lokalhistoriske artikkelserie i Dølen, Før i tida, er ein serie som fengar ute blant lesarane.

I anledning påska byr vi på påskenøtter frå bildearkivet vårt, og på andre påskedag blir det eit glimt frå russetid, som jo er snarleg foreståande. Her er russen godt i gang med russetoget, og vi spør som vanleg kven som er med på bildet og når er det tatt?

– Dølen har tilgang til eit enormt biletarkiv og det ønskjer vi å dele med lesarane. Vi vil med jamne mellomrom legge ut gamle bilete frå diverse fotoarkiv og album på nett. Vi ber lesarane kommentere bileta med utfyllande informasjon. Vi spør enkelt og greitt om kven, kva og kor, seier redaksjonssekretær i Dølen, Tor Larsen.

Har du opplysningar om biletet? Send ein e-post til Tor Larsen, på tor@dolen.no, eller kommenter under biletet på vår facebook-side.

Etterkvart vil vi også presentere løysingar og svar på bilete frå dolen.no i papirutgåva.