Brann i Kvam:

Ein person berga seg ut frå brannen

Eit hus i Kvam brann heilt ned til grunnen onsdag morgon.
Nyheter

Ein person kom uskadd frå brannen. Melding om brann kom til politiet ca. klokka 06.39 onsdag morgon. Huset som brann, ligg rett opp frå gamle E6. Politiet visste klokka sju om ein person i huset, og denne skal vera ute. Naboar hadde merka brannen litt over halv sju.

Kom seg ut på eigenhand

I følge innsatsleiar Tom Gaustad skal huset vera totalskadd.

- Brannvesenet driv nå med ettersløkking, seier han til Dølens reporter på staden, ved 07.30-tida.

Mannen, som bur aleine i huset i Andersstugulykkja, var til alt hell oppe da brannen starta, fortel han til Dølen. Han kom seg raskt ut, har vore sjekka av ambulansepersonell på staden og skal vera uskadd.

Saken er oppdatert.