I regi av Opplæringskontoret for byggfag i Gudbrandsdalen og med bidrag frå Borgedal bygg og programfag for bygg ved Vinstra vidaregåande skule, var det to dagar vigd til teikning, konstruksjon, byggleiing og oppsett av hus. Prosjektet «Vi bygger Norge» har som mål å gje ungdomsskuleelevar større innsikt i kva byggfag handlar om.

God jobbing

Johan Åsly, Kine Øverlie, Lars Dale, Ludvik Moen og Stephanie Johansen vann hovudpremien einstemmig.

– Ikkje mest fordi dei var fyrst ferdig, men fordi dei har jobba knallgodt saman i alle ledd, skrytte Gjermund Lognseth frå Borgedal Bygg.

Arnt Rune Solbakken frå bygg på VVS ville gjerne hatt fleire av ringebuelevane til elevar på Vinstra.

– Det er artig å sjå kor kreative dei kan vera, seier han.

Liv Ellen Espenes ved opplæringskontoret for byggfag seier det er mange fag som inngår i opplegget, og at særleg dei matematiske løysingane med målestokk og vinklar kan vera krevjande.