I underkant av ti russebilar deltok i den tradisjonelle russebilkåringa på Peer Gynt-senterplassen laurdag, der mange skodelystne hadde møtt opp for å sjå på bilane og ikkje mist: Ønske russen lykke til med dei foreståande vekene med feiring.

Anlegg til 60 000

Tobias Bjørkhaug og Tor Erik Haugrud Bratreit, båe frå Vinstra, stilte saman med ein gjeng med kompisar ut bilen Armageddon.

- Vi la siste hand på verket i dag før vi kom hit, fortel Bjørkhaug til Dølen.

Bilen er påkosta, innrømmer russegutane.

- Vi kjøpte den for 48 000 kroner, og har vel kosta på 100 000. Blant anna kostar berre anlegget baki her 60 000 kroner, seier Bjørkhaug.

Med for moro skuld

Jentene i bilen Hypnotized er med på kåringa mest for moro skuld.

- Vi har ingen ambisjonar om å vinne, for vi har ikkje satsa noko særleg, seier Åshild Klåpbakken og Amalie Bekkum til Dølen. Dei har planane klare for russefeiringa.

- Vi skal ha det morosamt og feire at vi er ferdige med tretten års skulegang, seier dei to vinstrajentene.

Les meir om russebilkåringa i papirutgåva av Dølen torsdag 27. april.

Jentene i russebilen Saint Pablo er i gang med russefeiringa, og er godt nøgd med bilen sin. Foto: Bjørn Sletten