Samanfallande generasjonsskifte hjå tre ulike faghandlarar i gågåta i Vålebrua får landsbycrewet til å brette opp ermene og sjå det som ei opning for nye moglegheiter.

– Vi håpar jo å lage noko som kan nå ut breitt, vera informativt og samtidig inspirerande, seier landsbyprosjektleiar Birgitte Bay.

Ho har regi på arbeidet med å vise det større biletet, når tre aktørar går saman om å finne dei rette folka til å ta over godt innarbeidde bedrifter i gågata på Ringebu. Bakeriutsalet til Baker Hansen, med bakeriet og utsal på Fåvang, Jarles Blomster og Kremmertorget står alle framfor eit generasjonsskifte.

– Det er kjempebra at dei går saman om dette, for det er jo heilt unike moglegheiter for dei rette folka, seier Bay.

Ho minner om at det nok også var mange som var skeptiske og bekymra da Haugs kjøttforretning var i same situasjon for nokre år sidan.

– Vi veit jo korleis det gjekk, nå er Annis ein stad som dreg folk til Ringebu, seier ho.

Nå ønskjer dei å gå saman for å nå eit breitt publikum. Alle plattformer skal i bruk, og målgruppa dei håpar å nå kan vera kvar som helst. Og ein stor bonus ville bli tilflytting til kommunen, sjølvsagt. Dei siste dagana har mange merka seg annonsen på finn.no der blomsterforretninga i gågata i Vålebrua er lagt ut «for sal».

Førti år, femti feriedagar

Jarle Lavik og kona Bjørg har sjølv fløtt hit i si tid. Dei har drivi blomsterhandel i Ringebu sentrum i førti år. På den tida har ti veker gått med til ferie. Til saman! Det må vera lov å tenkje tanken på eit pensjonisttilvære da. Og tanken fekk for alvor modnast for to år sidan, da Jarle fekk eit beinbrot.

– Å halde på slik som oss minner nesten om å vera gardbrukar – du må vera til stades og sjekke om alt er i orden, at blomane har det bra. Det blir sjølvsagt ein livsstil, men så er det også det vi kjem til å sakne, seier Jarle Lavik.

Kona Bjørg supplerer:

– Ja, vi kjem til å sakne alle dei trivelege kundene, det å få treffe så mykje folk heile tida. Det er jo eit sosialt nettverk som blir borte. Korleis skal det bli, undrar ho.

Som einaste blomsterhandlar med fagbrev mellom Otta og Lillehammer, er Jarles blomster i Ringebu solidt festa i ein region som mellom anna betyr levering til fire kyrkjer.

– For du veit der kan ikkje daglegvareblomane konkurrere med oss; ein bårekrans eller levering- det går ikkje, seier Jarle.

Faget er han så å seie født inn i. Askøyværingen var med faren på torget i Bergen frå han var skulegut, og selde blomar kvar laurdag i sju år. Fagbrevet fekk han i 1969, men karriera starta litt tidlegare.

– Eg pakka nok mine fyrste blomar som femåring, sjølv om det kanskje ikkje vart godkjent, ler han.

Randi på torget

Lenger oppe i gågata finn vi Randi Brandstadmoen på Kremmertorget. Randi har mange jern i elden, og helsekostforretninga har ho halde i gang sidan 1994.

– Eg starta jo på scratch med dette, og har veldig trua, da. Helsekostbransja er jo i vekst, seier ho.

Og spøker med at folk går til pølsemakar Anni før jul, men byter til frå ribbe helsekost etter jul. Randi er også ei av dei som har vore med på å få ting til å skje i sentrum, mellom anna kasta ho fram ideen til torghandelen, som nå er eit innarbeidd arrangement gjennom sommaren. Ho meiner det er viktig at ein står saman i sentrum.

– Det hadde vore veldig trist om alle vi tre hadde vorte borte samstundes, seier ho. Dei to siste åra har ho drive butikken saman med dottera Nina, men nå skal ho ut i fødselspermisjon, og Randi har bestemt seg for å gje seg medan leiken er god.

Helsekost og noko attåt

– Nokon interessentar har eg, og det er spennande. For dei som ser moglegheitene er det mykje ein kan gjera her. Eg har jo håndarbeid i tillegg til helsekosten, og Kreative døler leiger hylleplass og er med og hjelper til i hektiske perioder i butikken, seier Randi.

Butikken er nemleg todelt, for Randi har ei avdeling med håndarbeid og husflid, som Randis eigen nuno-filt, og mykje anna frå Kreative døler. Her meiner ho nokon sikkert også kan finne andre moglegheiter.

Ringebu kommune har i vedtak delegert frå formannskapet løyvd 20.000 kroner til samarbeidet om å rekruttere nye eigarar. «Å samle og lage info-, film- og bildemateriale om Ringebu som bustad, landsbyen Ringebu som unik handelsstad og dei unike moglegheitene våre tre bedrifter er som framtidig arbeidsplass» heiter det mellom anna i søknaden.

Til saman har dei tre bedriftene godt over førti tilsette, med Baker Hansen som det største med 38, og dei to andre 5-6.

Denne saka stod på trykk i Dølen i februar. Abonnere på Dølen? Trykk her!

Randi Brandstadmoen har hatt faghandel for helsekost i godt over 20 år, og ser fram til rolegare dagar. Nokon med guts vil ha gode moglegheiter, meiner ho. Foto: Guro Vollen