Ei auke på åtte prosent samanlikna med fjorårets omsetnad er resultatet etter at sesongen er avslutta. I ei pressemelding tysdag melder Alpinco om ein fantastisk sesong i dei to alpinanlegga Kvitfjell og Hafjell.

- Eit solid World Cup i Kvitfjell og at vi klarte å starte sesongen rekordtidlig. Selv om den seine påska gjorde at vi hadde litt færre påskegjestar enn i fjor, så har sesongen sett under eitt vore eksepsjonelt bra, seier dagleg leder i Alpinco, Odd Stensrud i pressemeldinga.

Bookingselskapet melder også om auke, og mellom anna er den svenske marknaden er i vekst. Dessutan er det fleire dagsgjestar frå Austlandet i tillegg til mange faste hyttegjestar. Snømangelen ellers på austlandet får også litt av æra for ein sesong der mange valde Kvitfjell.