Bjørn Sletten har takka ja til stilling som kulturleiar i Sør-Fron kommune, og 31. august har han sin siste arbeidsdag i Dølen. Sletten tek over denne jobben som kulturleiar etter Trond Halle.

Brenn for lokalavisene

35-åringen frå Skåbu starta i Dølen for åtte år sidan, da som journalist. I 2014 vart han ansvarleg redaktør og dagleg leiar. I 2013 hadde han også eit år som redaktør for Folkemusikk.no.

Sletten synes det er spesielt å forlate Dølen.

- Eg brenn for lokalavisene og deira rolle i lokalsamfunnet. Samtidig føler eg at en nå forlet ei avis som er godt rusta for framtida, både organisatorisk og økonomisk, sier han, og fortel vidare om at han har trivest godt i avisbransjen.

- Dølen har vore ein god arbeidsplass, med gode kollegaer og mykje moro, og det å vera redaktør og dagleg leiar i ei lokalavis blir meir ein livsstil enn ein vanleg jobb. Eg har levd med Dølen nærast dag og natt desse åra, og etter åtte år var tida inne for min del til å stake ut ein ny kurs, seier Sletten.

På topp

Slik sett hamnar redaktøren nå på "rett hylle": Han har bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitenskap og eittårig påbygging i kulturarbeid. For mange er han og kjend som vokalist i bandet Det Fronske Kompani.

- Stillinga som kulturleiar i Sør-Fron ser eg på som svært spennande, og det er også innafor kulturen eg har min faglege bakgrunn. Sør-Fron er ein kommune med sterke kulturtradisjonar, og eit rikt lag- og organisasjonsliv eg gler meg til å bli betre kjend med, avsluttar Sletten.

Og Sletten gir seg nærast på topp - på Landslaget for lokalaviser sitt årlege landsmøte i slutten av mars, fekk Dølen heiderleg omtale i kategorien Årets lokalavis 2016.