Fyrst ut i Midtdalen, seinare i heile Gudbrandsdalen.

«Min Gudbrandsdal» er ein nettportal Midt-Gudbrandsdal næringsforening står bak. Nyvinninga skal vera oppe og gå til Næringslivets dag torsdag. Å finne ut kva som fins i dalen, av tenester og verksemder, og ikkje minst arrangement, skal nå bli lettare både for heil- og deltidsinnbyggarar i dalen.

Tre store

Med på laget har MGNF fått med tre sterke samarbeidspartnarar; Sparebank 1 Gudbrandsdal, Eidsiva bredbånd og Gudbrandsdal energi.

Ingen av dei vil ut med kor stort bidrag dei spyttar inn.

– Men det er viktig å understreke at dette ikkje er veldedigheit, vi ser på det som ei investering, og eit konsept som såg så bra ut at vi ikkje kunne ta sjansa på å stå utanfor, seier Jan Jansrud frå Gudbrandsdal energi.

Han meiner at verksemdene i Gudbrandsdalen kunne og burde vore flinkare til å marknadsføre kvarandre.

– Det er slutt på katalogar som ditt distrikt. Å gjera tilgjengeleg alle som tilbyr noko, anten det er rørleggjartenester eller lokal mat, overfor heil- og deltidsinnbyggarar, er heilt rett måte å tenkje på, seier Tore S. Lie, frå Sparebank1 Gudbrandsdal.

– Mange i Gudbrandsdalen i dag er svært lite synlege, og får kanskje jobbar på sitt gode rykte. Dette handlar jo om å rigge seg for framtida, seier dagleg leiar i MGNF, Frank Asle Mathisen.

MGNF har 141 medlemsbedrifter, frå enkeltpersonforetak til verksemder med 70+ tilsette.

– Det vil også gagne heile Gudbrandsdalen om vi lukkast med dette prosjektet, vi er jo interessert i at våre kundar gjer det godt, seier Lie.

– Som aktør på Lillehammer er det viktig å vera til stades i Gudbrandsdalen også, og vi bygger fiber saman med GE. Vi vil gjerne syne fram kva vi tilbyr, samstundes som det også blir eit samlingspunkt for bedriftene, seier Lars E. Kirkeeide Vasslid frå Eidsiva bredbånd.

Dialecta står for utviklinga av sjølve portalen, som skal riggast for å bli godt synleg på nettsøk både i google og ellers. Mathiesen lovar medlemmane at det ikkje skal føre med seg auka kostnad å bli meir synleg; det kjem med medlemsskapet.