Kommunalsjef Irene Nystad stadfester at berre ein av kandidatane vart kalla inn, fordi denne var sett på som den mest aktuelle kandidaten.

– Vurderinga vår var at dersom den fyrste kandidaten overtydde i intervjusituasjonen, ville vi tilsette denne, og ikkje gå vidare med intervju av kandidat nummer to.

Intern søkjar

Nystad legg til at forarbeidet før intervju var gjort administrativt i leiargruppa, og at dei på førehand var veldig bevisste på rollene dei hadde.

– Var noko avgjort på førehand?

– Vi såg tidleg at vi hadde ein god intern søkjar som vi hadde god erfaring med på ei mellomleiarstilling i kommunen, men hadde behov for å gjennomføre intervju, med tanke på at dette var ei anna stilling, seier Nystad.

– Den andre kandidaten har vore leiar og rektor i fleire år. Hadde den fyrste kandidaten denne kompetansa?

– Nei, ikkje rektorkompetanse, men anna leiarutdanning og leiarerfaring, og var på papiret den best kvalifiserte slik vi såg det, seier Nystad.

Innfridde i intervju

Ho legg til at det også er snakk om ein anna type skule kandidat nummer to har rektorerfaring frå.

– Kandidat nummer ein svara til forventningane våre under intervjuet, seier Nystad.

Det var Nystad, nåverande rektor ved VUS, Knut Håvard Meldal (som tek over som kommunalsjef etter Nystad i haust) og hovudtillitsvald Torill Beitdokken, som var med under intervjuet. Kandidaten som fekk tilbod om stillinga er i dag tilsett i Nord-Fron kommune, som avdelingsleiar ved VUS.

Tillitsvald er også tilsett ved VUS.

Klar over roller

Nystad seier at dei var klar over at det var tett, og at mange har mange roller, men meiner dei har handtert det på ein ryddig måte, og at det ikkje var naudsynt å tydeleggjera det ved å gjennomføre eit intervju til.

– Men har de tenkt over korleis det kan bli oppfatta når de innstiller ein kollega, utan at den andre kandidaten får moglegheit til å presentere seg på same måten?

– Vi tenkjer ikkje på korleis det skal bli oppfatta når vi skal tilsetja nokon. Korleis det blir oppfatta utad er ikkje avgjerande for vala vi gjer så lenge har gjennomført ein riktig prosess, seier ho.

– Det er lista opp ei lang rekkje personlege eigenskapar i stillingsutlysninga. Burde ikkje båe kandidatane få lik moglegheit til å belyse desse i intervju?

– Eg har ikkje anna å seie enn at vi som arbeidsgjevar har ganske vide fullmakter til å gjennomføre tilsettingsprosessen, og at det slik sett ikkje er nokon rett å bli kalla inn til intervju, seier Nystad.

Søkjaren Dølen har snakka med (sjå sak her) var i 2015 innstilt som rektor i Nord-Fron.

Har fått kritikk tidlegare

Den gongen kom det kritikk mot tilsettingsprosessen frå klubben ved gjeldande skule, og han trekte søknaden.

–Hadde ikkje eit intervju med båe dei godt kvalifiserte søkjarane kunne hindra ei ny runde med kritikk?

– Vi har ikkje vore opptekne av korleis det skulle bli oppfatta utad, vi var opptekne av å få ein redeleg prosess, og å få den beste kandidaten, seier Nystad.