– Har følgd reglementet Kommunalsjef i Nord-Fron kommune, Irene Nystad, forsvarar prosessen med tilsetting av ny rektor ved Vinstra ungdomsskule.
(Foto: Guro Vollen)

– Har følgd reglementet Kommunalsjef i Nord-Fron kommune, Irene Nystad, forsvarar prosessen med tilsetting av ny rektor ved Vinstra ungdomsskule. Foto: Guro Vollen

To var godt kvalifiserte til rektorstilling på Vinstra ungdomsskule

Berre éin kalla inn til intervju

Kommunen var opptekne av rett prosess og formaliteter, men intervjua likevel berre den interne kandidaten, som også vart innstilt.

Kommunalsjef Irene Nystad stadfester at berre ein av kandidatane vart kalla inn, fordi denne var sett på som den mest aktuelle kandidaten.

– Vurderinga vår var at dersom den fyrste kandidaten overtydde i intervjusituasjonen, ville vi tilsette denne, og ikkje gå vidare med intervju av kandidat nummer to.

Intern søkjar

Nystad legg til at forarbeidet før intervju var gjort administrativt i leiargruppa, og at dei på førehand var veldig bevisste på rollene dei hadde.

– Var noko avgjort på førehand?

– Vi såg tidleg at vi hadde ein god intern søkjar som vi hadde god erfaring med på ei mellomleiarstilling i kommunen, men hadde behov for å gjennomføre intervju, med tanke på at dette var ei anna stilling, seier Nystad.

– Den andre kandidaten har vore leiar og rektor i fleire år. Hadde den fyrste kandidaten denne kompetansa?

– Nei, ikkje rektorkompetanse, men anna leiarutdanning og leiarerfaring, og var på papiret den best kvalifiserte slik vi såg det, seier Nystad.

Innfridde i intervju

Ho legg til at det også er snakk om ein anna type skule kandidat nummer to har rektorerfaring frå.

– Kandidat nummer ein svara til forventningane våre under intervjuet, seier Nystad.

Det var Nystad, nåverande rektor ved VUS, Knut Håvard Meldal (som tek over som kommunalsjef etter Nystad i haust) og hovudtillitsvald Torill Beitdokken, som var med under intervjuet. Kandidaten som fekk tilbod om stillinga er i dag tilsett i Nord-Fron kommune, som avdelingsleiar ved VUS.

Tillitsvald er også tilsett ved VUS.

Klar over roller

Nystad seier at dei var klar over at det var tett, og at mange har mange roller, men meiner dei har handtert det på ein ryddig måte, og at det ikkje var naudsynt å tydeleggjera det ved å gjennomføre eit intervju til.

– Men har de tenkt over korleis det kan bli oppfatta når de innstiller ein kollega, utan at den andre kandidaten får moglegheit til å presentere seg på same måten?

– Vi tenkjer ikkje på korleis det skal bli oppfatta når vi skal tilsetja nokon. Korleis det blir oppfatta utad er ikkje avgjerande for vala vi gjer så lenge har gjennomført ein riktig prosess, seier ho.

 

– Det er lista opp ei lang rekkje personlege eigenskapar i stillingsutlysninga. Burde ikkje båe kandidatane få lik moglegheit til å belyse desse i intervju?

– Eg har ikkje anna å seie enn at vi som arbeidsgjevar har ganske vide fullmakter til å gjennomføre tilsettingsprosessen, og at det slik sett ikkje er nokon rett å bli kalla inn til intervju, seier Nystad.

Søkjaren Dølen har snakka med (sjå sak her ) var i 2015 innstilt som rektor i Nord-Fron.

Har fått kritikk tidlegare

Den gongen kom det kritikk mot tilsettingsprosessen frå klubben ved gjeldande skule, og han trekte søknaden.

–Hadde ikkje eit intervju med båe dei godt kvalifiserte søkjarane kunne hindra ei ny runde med kritikk?

– Vi har ikkje vore opptekne av korleis det skulle bli oppfatta utad, vi var opptekne av å få ein redeleg prosess, og å få den beste kandidaten, seier Nystad.

Meir å lese på Dølen:
 
Blir lese nå:
 
Siste nyheter

Kapra den norske mestertrøya:

Fossum Tiller norsk mester i sykkel

Rasmus Fossum Tiller fra Ringebu overraska alle og knuste sykkeleliten i NM.

Nå blir det 40 og 60

Fartsgrensen senkes og gulstripa fjernes på gamle E6.

Rondaliv og Rondaståk

Fjellfestivalen ved Rondablikk rocket et feststemt publikum.

Mikkel Dobloug er ny bryggerieier, bytter navnet og setter i gang ny produksjon fra seinsommeren

Laagen blir til Dobloug og dobler

Det meste blir lagt om når den nye eieren Mikkel Dobloug starter med nytt navn og større mannskap ved bryggeriet på Frya.

Kapra den norske mestertrøya:

Fossum Tiller norsk mester i sykkel

Rasmus Fossum Tiller fra Ringebu overraska alle og knuste sykkeleliten i NM.

Stubbro miljøstasjon etableres

Bygger ny miljøstasjon

Jon Strand Maskin AS bygger helt ny miljøstasjon på Sødorpfjellet.

Lokalpolitikerne ble ikke hørt

Nå blir det 40 og 60

Fartsgrensen senkes og gulstripa fjernes på gamle E6.

Grasalt med folk og kæltåka stemning ...

Rondaliv og Rondaståk

Fjellfestivalen ved Rondablikk rocket et feststemt publikum.

Ringebu viste muskler

Muskelhow i gågata

Fart, muskler og spenning preget gågata under Ringebudagene.

Ny eier og ny produksjon

Laagen blir til Dobloug og dobler

Det meste blir lagt om når den nye eieren Mikkel Dobloug starter med nytt navn og større mannskap ved bryggeriet på Frya.

Medaljer og gode resultat under sykkel-NM

Fossum Tiller med sterk VM-søknad

Rasmus Fossum Tiller fra Ringebu tok individuell bronse, Hans Kristian H. Rudland fra Kvam tok lag-sølv.

Ringebu skoles sommeravslutning

Skolekor x2

Mang ei komfortsone ble både utfordra og sprengt onsdag, da skolekoret ved Ringebu skole, som er alle elevene på 6. og 7. klassetrinn, satte opp forestillinga Sister Act2.

– Tjuveri å ta namnet

Frya næringspark har sikra seg domenenamnet "www.gudbrandsdallufthavn.no". Det får flyplassforkjemparar i Nord-Gudbrandsdalen til å reagere.

Vedtok Nasjonal transportplan torsdag:

Tapte slaget om E6

- Politisk vanstyre i praksis, mener ordfører i Sel, Dag Erik Pryhn.

Nytt liv på Brekka skole

Det gamle skolebygget langs gamle E6 var perfekt for gründerne Sara og Joacim.