Beitdokken er tilsett som lærar ved VUS, og har rolla som hovudtillitsvald gjennom tillitsverv frå Utdanningsforbundet. Ho deltok i intervju, eller som ho seier, samtale med kandidaten som fekk rektorjobben.

Tidlegare i vinter var Beitdokken innstilt som nummer to til inspektørstillinga som ny rektor nå sluttar i, for å ta til i ny stilling. Beitdokken rykker opp til denne stillinga utan at stillinga blir utlyst.

Såg problemstillinga

Ho gjekk til personalsjefen med habilitetsspørsmålet, før det var kjent kven som sto på søkjarlista, men etter at det var klart at det var ein intern søkjar.

– Eg bad om vurdering av min habilitet, nettopp fordi eg ser problemstillinga. Eg var oppteken av å diskutere det, nettopp for å unngå å koma i den situasjonen eg er i nå, seier ho.

Ho er også tydeleg på at ho ikkje hadde nokon påverknad i høve til om det vart innkalla til samtale med ein eller fleire kandidatar.

To vurderingar

Ho tok opp att spørsmålet da det vart klart kven administrasjonen ønskte å gå vidare med, og igjen vart det vurdert slik at ho var habil i saken.

– Du kunne ha backa ut med tanke på historikken omkring inspektørstillinga, når du fann ut kven kommunen ville gå vidare med?

– Eg hadde moglegheit til det, og vi diskuterte det, men kommunen meinte eg ikkje var inhabil, seier ho.

Ho legg til at ho heller ikkje kunne ha protestert dersom kommunen fann ut at dei ikkje kunne tilsetja den eine kandidaten som var kalla inn.

– Slik denne saken har utvikla deg, skulle du ønskje det hadde vore gjort andre vurderingar?

–Det må du nesten spørre administrasjonssjefen om, seier ho.

Det er administrasjonssjefen som er tilsettingsmyndigheit på verksemdleiarnivå.