Det er næringsforeiningane i Nord- og Midt-Gudbrandsdalen som i eit brev til regionråda i dei to regionane ber om støtte til medie- og lobbyarbeid for å få gjennomført etappe to av den planlagte E6-utbygginga gjennom Gudbrandsdalen.

– Næringslivet og kommunene fryktar konsekvensane av forslag til NTP. Utsetjinga vil få store negative konsekvensar for næringslivet og for lokalsamfunnet. Næringsutvikling blir sett på vent og vi betalar for ein veg vi ikkje har fått. Det er viktig at vi får synleggjort og lyfta dette opp i riksmedia i forkant av 19. juni kor NTP blir vedtatt av Stortinget, skriv leiarane av dei to næringsforeiningane, Frank Mathisen og Trygve Groven i eit brev til regionråda.

Må kjøpe eksterne tenester

Regionen har behov for å synleggjere sitt krav overfor beslutningstakarar og media, slår Mathisen og Groven fast.

– Næringsforeiningane vil arbeide for at E6 i Gudbrandsdalen kjem høgt på den nasjonale dagsorden, men det vil da vera nødvendig å kjøpe tenester eksternt i tillegg til at foreiningane bruker eigne ressursar ved at daglege leiarar set av eigen arbeidstid dei neste vekene, skriv dei vidare.

– Det er positivt at næringsforeiningane nå ønskjer å legge ned ein betydeleg arbeidsinnsats i vekene som kjem, heiter det i innstillinga frå regionrådskoordinator Irene Teige Killi til Midt-Gudbrandsdal regionråd.

I innstillinga til vedtak heiter det:

«Regionrådet for Midt-Gudbrandsdal bevilger inntil kr 200.000 til Midt-Gudbrandsdal Næringsforening knyttet til påvirkningsarbeid for å sikre utbygging av E6 etappe 2 gjennom Gudbrandsdalen, når NTP skal opp til endelig behandling i Stortinget den 19.juni 2017».

Saka skal opp i eit ekstraordinært regionrådsmøte 23. mai.

Midt-Gudbrandsdal næringsforening og leiar Frank Mathisen ber om pengar til lobbyarbeid. Foto: Bjørn Sletten