Det var VG som fyrst skreiv om saka der ein hundeeigar frå Sør-Fron skal ha drept ein annan hund etter at han og hunden hans vart angripi av ein laus rottweiler.

Rottweilaren var ute på tur saman med eigaren sin. Ho uttaler til VG at ho fekk sjokk da ho oppdaga at hunden hennar var drept. I følgje VG skal veterinæren ha bekrefta at rottweilaren døydde som følgje av knivstikk.

– Det er forferdeleg at det skal vera nødvendig å gripe inn mellom to hundar på denne måten, seier eigaren av rottweilaren til VG.

Er politianmeldt

Mannen som nå er anmeldt for hundedrap seier på si side at han ikkje følte han hadde noko val.

– Eg såg ingen anna moglegheit enn å forsvare hunden min. Det var som livet med innsats. Eg meiner det er uakseptabelt å la slike hundar gå lause, seier mannen til VG.

Det er Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor som etterforskar saka.

Les meir om saka i papirutgåva av Dølen fredag 26. mai.