– Ser de at det utad kan sjå ut som ho har vore med og sikra eiget opprykk?

– Nei, intervjuet handla jo om rektorjobben. At inspektørstillinga ikkje vart utlyst var ei avgjerd vi gjorde etter at vi tilsette ny rektor, seier dei.

– Har det ikkje noko å seie korleis dette blir oppfatta ute blant folk?

– Nå ønskjer vi jo ikkje støy omkring tilsettingssaker, seier Sandbu.

– Og du ser ikkje at det kunne vorte mindre støy om de hadde utvida prosessen med eit intervju til?

– Nei, det trur eg ikkje. Det er jo vår vurdering.

– Kan koma til oss som klage

Dølen tok kontakt med Sivilombodsmannen for å få klarlagt om det fins avgjerder om liknande saker, og om korleis føresegnene forvaltningslova i denne samanhengen kan koma til bruk.

Kontorsjef Bjørn Dæhlin seier han vanlegvis kan svare på slike spørsmål, men det blir vanskeleg når vi legg fram fakta i saken og vurderingane til kommunen omkring roller.

– Det er eit så konkret spørsmål at det kan koma attende til oss som ei klage, derfor kan eg ikkje ta stilling til det, seier han, og legg til at det utvilsamt er ei aktuell problemstilling.