Erland Løkken er styreleiar i aksjeselskapet Gudbrandsdal lufthavn, som i fleire tiår har jobba for etablering av ein flyplass på Tolstadåsen mellom Sel og Vågå kommunar. Han høyrer fyrst om planane frå Midtdalen når Dølen ringer.

– Det var nytt for meg, og umiddelbart framstår det heilt tullete. Når dei veit det eksisterer eit selskap med dette namnet allereie er det jævlig ufint, det er eit slags tjuveri, seier styreleiar for selskapet, Erland Løkken.

Politisk motstand

Selskapet han leiar har generalforsamling om nøyaktig ei veke, der det har kome inn framlegg om avvikling av selskapet frå fem av norddalskommunane som eig aksjer i selskapet. Berre Vågå kommune vil at selskapet skal halde fram. Avviklingsframlegget vart møtt med eit forslag frå selskapet om å kjøpe kommunane ut, tilsvarande aksjekapitalen dei eig.

– Dei kunne i alle fall ha venta til etter vi har behandla avviklingsframlegget på generalforsamlinga vår om ei veke, seier han, og legg til at han ser på det som eit slags tjuveri å ta namnet til ei eksisterande verksemd.

Styret i Frya næringspark, som eig flyplassen på Frya, skal ha namnebytte som sak på neste møte etter sommaren. Det stadfester styreleiar i det interkommunale selskapet, Ole T. Muriteigen. Slik sett kjem han Løkken i møte i høve til å vente med det formelle namnebyttet.

– Tanken er interessant, med eit namnebyte og synleggjering. Stadig fleire tek i bruk Gudbrandsdalsnamnet, og det er ein naturleg sak til neste styremøte. Og domenet kan også seljast, seier han.

Muriteigen ser det også som usannsynleg at ein flyplass på Tolstadåsen skal bli realisert med dei føringane som ligg nasjonalt på samferdsel.

Ikkje ønskje om krig

– Det er ikkje meininga å starte nokon krig med Nord-Gudbrandsdalen, men vi har eit tidsvindu nå der fleire flyplassar blir lagt ned, og der vi kan fylle eit behov.  Da må vi handle, vi kan ikkje vente på ein flyplass som kanskje aldri kjem, seier næringssjef Frode Martinsen i Ringebu kommune.

I følge Martinsen, kan det bli etterspurnad etter flyplassar der ein kan få service; kravet til småfly er ettersyn og service kvar 50. flytime, og fleire flyplassar med slike funksjonar forsvinn i den næraste tida. Han ser for seg at det kan bli mogleg å få til eit slik tilbod ved flyplassen.

Å synleggjera at det er ein flyplass i Gudbrandsdalen krev eit anna namn. Martinsen orienterte torsdag formannskapet i Ringebu om saken, etter at Dølen skreiv om namneendringsinitiativet.

– Om vi kan få til ein flyplass med verkstad til småfly, er det mogleg å tilby kontorplassar til folk så dei kan jobbe i ventetida i det nye innovasjonssenteret på Ringebu, seier han.

Det er Frya næringspark som eig flyplassen, men Gudbrandsdal flyklubb som driv plassen. I følge styreleiar Mikkel Dobloug skal styret i klubben også vera positive til ei namneendring.

Erland Løkken tykkjer initiativet frå Midtdalen er tullete og ufint. Han meiner det er eit slags tjuveri. Foto: Arve Danielsen, Fjuken/arkiv