Det skal godt gjerast å finne opp kruttet på nytt, med eit arrangement som har rulla og gått sidan tidleg på åttitalet.

Sankthans i gata

Men noko er nytt, også i år. Ringebudagene fell saman med sankthans og i Tomtegata blir det sett ut bord, stolar og bålpanner for fri bruk medan programmet rullar frå Landsbyscenen.

På Ungdomssenteret blir bunader som er sydd av medlemmar i husflidslaget stilt ut, og det blir slektsgransking på direkten med Historielaget same stad.

Så er det alltid nokre faste postar. Som at Ringebu musikkforening opnar ballet med musikk i gatene, og at det fins gateboder med ballongar og t-skjorter, at gågata har ei scene der Vaffelbandet og mange andre gler publikum med musikk og show.

– Det blir avslutningskonsert for elevane i sang, gitar og trekkspel frå scena i Jernbanegata laurdag. Det er ein veldig fin arena for dei, med mykje publikum og stor scene, seier Anne B. Vestad.

Ho har funksjonen komitesekretær, leigd inn frå Ringebu kommune av marknadsforeninga.

Nærtrylling

Frå scenen blir det også anna enn musikk, tryllekunstner Fredrik Moe fra Norske Talenter blir å sjå både frå scena og i nærtrylling i teltet hjå Annis fredag, medan det laurdag blir mellom anna styrkelyftshow med Ludvig og Hermann Moen frå Fåvang og Hilde M. Haugen. I smuget ved Annis skal Ungdomshuset vera til stades med aktivitetar, og biblioteket har flyttesalg om det blir opphaldsvær.

– Vi har fått tak i ein av dei råaste trialsyklistane til å ha show laurdag, seier Hans Dalberg, som har fått lånt ein slik sykkel til å posere med for fotografen. Balanse er eit stikkord, forstår vi.

Møteplass

I tillegg til Ringebu markedsforening er ein haug frivillige i ulike lag og foreiningar med og hjelper til. Utanom hovudprogrammet er det også mange stoppunkt denne helga. På prestegarden er det rabarbrafest sundag, og drop-in ridning på Venabu.

– Det viktigaste, og det folk kanskje set mest pris på, er den møtelassen Ringebudagene skapar, seier Anne B. Vestad.