Morgedølen har ikkje noko imot å kjøre seks timar i bil for å stille opp på favorittfestivalen, ligge i telt og jobbe gratis.

– Eg har også fått tak i festivalpass i år, i tilfelle eg ikkje fekk koma som frivillig, eg måtte sikre meg, seier han.

– Heldigvis hadde dei bruk for ein snikkar.

– Prøvar å gjera stas på dei

Han kjem i ferien sin, med bilen full av snekkerutstyr, og reknar med at bardiskane til festivalen skal vera ferdige i løpet av dagen tysdag.

Festivalsjef Ole Jakob Grauphaugen kan ikkje få fullrosa dei frivillige mannskapa nok, og er klar på at dei ikkje vil sjå på dei som ei sjølfølge.

– Å ha slike folk som brukar av ferien sin og tek med utsyr; det er nesten så ein blir litt rørt. Vi freistar å ta godt vare på dei, har med eigen frivilligkokk og forsøker å gjera det litt ekstra stas å vera frivillig her, seier han.

Tur og musikk

Tov Sollid var her fyrste gong i fjor, også da som frivillig, etter å ha kome for seint i bilettkøa.

– Eg er veldig glad i musikk, og gjerne i slike fine omgjevnader. Dessutan verka det som folka kom til Rondaståk for tur og musikk. Trivelege folk, seier han.

Valentourettes er på topp av artistane frå årets liste for snikkaren frå Morgedal.

– Eg er gamal Jokke-fan, og eg fekk dei ikkje med meg i fjor heller, så dei står på topp i år, seier han.

Hektiske dagar

Festivalsjefen spring mellom oppgåvene, men har tid til ei pause og eit grep nedi snusasken for å prate om «the making of» Rondaståk.

– Det kritiske er kor viktig er det viktigaste vi har gløymt å tenkje på, seier han.

Han håpar og trur viktigheita av ting som er gløymt har minka etter som rutina har sett seg.

– Vi har fått ein del rutine på ting, og ikkje minst har vi gode folk i dei like ansvarsposisjonane, seier han.

– Har du sjekka Yr i det siste?

– Vi førebur oss for litt rufsete vær, men dei aller fleste som kjem til oss er fjellfolk som veit det kan vera skiftande vær i fjellet og er kledd for det. Om Yr var det viktigaste premisset ville vi ikkje drivi med dette, understrekar han.

Festivalsjef Ole Jakob Grauphaugen set stor pris på dei frivillige som brukar feriedagar på fjellet for å få festivalen til å funke. Foto: Guro Vollen