Bandet, med krimforfattar og tidlegare Peer Gynt-prisvinnar Jo Nesbø som låtskrivar og frontfigur, er kjent for sangar som Jenter, Rumba med Gunn og Matador.

Helga 1. -3. september er det byfest på Vinstra, og Nord-Fron kommune gjekk i går ut på facebook med at Di Derre er hovudattraksjonen i år.

I fjor var det Onkl P og de fjerne slektningene som var dei stor på byscenen.

- Vi feirer Vinstra sin bystatus for femte gong og inviterer til stor folkefest i Nedregata på Vinstra, skriv kommunen på si facebookside.

Ellers blir byfesten også i år ein arena for  utstillarar og aktiviteter, gratis frukost, underhaldning fra to scener, barne- og ungdomsarrangement og servering av lokal mat.

- Saman skal vi igjen skape stoltheit, optimisme og framtidstru, skriv kommunen på Facebook.