Tidlegare på dagen hadde ministeren vore på besøk hjå Annis på Ringebu.

– På festivalane rundt om har lokalmat eit godt utstillingsvindauge, for produsentar som er for små til å koma inn på større marknader. Og med Annis i bakhovudet, kvifor kan du ikkje ete ei god pølse om du fyrst skal ete pølse, spør ministeren.

Kjøtkake på gaffel

Hjå Gudbrandsdalsmat vanka det kjøtkake på gaffel, jordbærsaft frå Kaurstad, lefse frå Øyens i Kvam, rummgraut og spekemat mellom anna godt.

Med i følget var også Morten Ørsal Johansen, som sit på Stortinget for Frp frå Oppland og landbruksdirektør hjå fylkesmannen, Bente Odlo.

Svastuen frå Gudbrandsdalsmat seier at ministeren var veldig oppteken av kor viktig lokal matforedling er for distrikta våre.

– Han var også imponert over det Gudbrandsdalsmat har fått til, med ei auke i salget på 35% kvart år i 5 år, seier ho.

Ministeren meiner det kan vera ein god marknad på festivalane omkring i landet.

- Det er festivalar heile sommaren, og eg trur folk gjerne betaler litt meir for ei god pølse, når ein veit kva ein kan finne på å betale for ein bakt potet ut på natta, seier han.

I pressemeldinga frå departementet før ministerens besøk heiter det at han har utfordra festivalleiinga på servering av lokal mat. I følge Trond Skurdal er ikkje ministeren heilt først på ballen; festivalen søkte i november om støtte til eit lokalamatsprosjekt.

Ministeren skulle vera på countryfestivalen til kvelds, og mimra kanskje utover kvelden - han kunne nemleg markere at det var ti år sidan sist han besøkte festivalen i Kåja, da utan ministerportefølje.

Laurdag er det Fåvang som får besøk av ministeren, da ved grillane til Fåvang sau og geit i sentrum.