(Saka er oppdatert.)

Dølen snakkar med Kjorstad ein times tid etter at prisen vart delt ut, og musikkstudenten seier han vart litt sett ut når han vann.

Vidare med jazz til hausten

- Eg vart overraska og litt sett ut, ja. Det er veldig artig. Eg har vore i finala ein gong før også, fortel han.

I finala laurdag spela Kjorstad ein bukkehornlåt etter Kristian Asmundstad, sett saman med ein springleik etter Iver Storodden.

Hans P. Kjorstad har akkurat fullført bachelorstudiet ved musikkhøgskulen, og går i haust vidare med masterstudier i jazz.

- Eg driv mykje med improvisjasjon og eigenkomponert, så det er det eg skal halde på med mykje, seier han.

Han er litt usikker på kva prispengane skal brukast til ennå, men mykje truleg blir det til ei utviding av instrumentsamlinga.

Høyrde på 82 utøvarar

Til vurdering for Fureprisen hadde hovuddommar Ingvill Marit Buen Garnås høyrd 82 utøvarar under landskappleiken, og til finala kom Kjorstad saman med fire andre finalistar under 25 år. Meddommarar har vore Liv Ulvik, Torunn Raftevoll Rue, Åse Teigland, Rune Martinsen og Hans Fredrik Jacobsen.

Fureprisen har vore delt ut sidan 2010, da FolkOrg fekk tilbod om å dele ut store pengepremiar til lovande unge musikarar og songarar, løyvd av stiftinga Furestiftelsen.

Under Landskappleiken blir det delt ut ein hovudpris på kroner 50 000 til ein deltakar under 25 år, uansett klasse, innan musikk. Det er krav om eit særs høgt kvalitetsnivå for at Fureprisen skal delast ut.

Tidlegare har også Gudbrandsdøler vunne Fureprisen. Mari Midtli vann prisen i 2014, Bjørn Kåre Odde vann den i 2011. Midtli og Odde har båe gått landslina for folkemusikk på Vinstra.