Berre ein fjerdedel av vanleg oppmøte på det årvisse arrangementet stilte opp laurdag; i alt 25 bilar. Dermed bestemte arrangør Gudbrandsdal motorvognklubb, Peer Gynt-senteret og Countyfestivalen å berre kåre publikumsfavoritten.

– Det blir mest rett når det til dømes berre er ein bil i ei av klassene, seier Willy Heimstad, leiar i GMK.

Heim å polere

Publikumsprisen gjekk til eit kremgult flak av ein Cadillac Coupe Deville, eigd av Dag Gryttingslien. 1958-modellen er ein av to Cadillacar han eig. Den andre er eitt år yngre, og i cabriolet utgåve. Den passa ikkje inn i laurdagens værtilhøve, dermed satsa Gryttingslien på goretex på seg sjølv og fast tak på bilen, der krom og lakk blinka om kapp med regndråpane.

– Det blir ein del pussing og polering?

– Ja, det gjer det. Men det er det som er artig også, å halde dei i stand, seier prisvinnaren, før han reiser heim til vask og polering av Cadillacen, etter regnværets herjingar.

På scena under arrangementet sto Get Rhythm, gausdalsbandet som imponerer med sine Johnny Cash-tolkingar. Hadde været vore eit anna, ville nok fleire tatt plass framom scena laurdag.