I klasse durspel senior og junior gjorde musikklina så og seie reint bord; i seniorklassa tok tidlegare elevar Øyvind Sandum og Mads Erik Odde høvesvis 1. og 2. plass, medan juniorklassa vart vunne av elev ved folkemusikklina, Amalie K. Tvilde.

I vokal B-klassa song tidlegare elev Mari Midtli seg heilt til topps, og dermed er ho i A-klassa frå neste år. I vokal B-klassa kom landslineelev Tea Forr Austnes på ein god andreplass, med Ingebjørg Hammerdalen, også ho elev, på 4. plass.

Gjer seg gjeldande

Avdelingsleiar av Musikk, dans og drama ved Vinstra vidaregåande, Vegard Moshagen, let seg imponere av tidlegare og nåverande elevar.

- Vi ser at elevane som har gått her år etter år forsyner seg tungt av dei øvste plassane i konkurransane, og at dei heilt klart representerer ein svært stor del av neste generasjon folkemusikarar, seier han.

Han fortel at landslina for folkemusikk også er godt representert vidare ved utdanningsinstitusjonar for musikk, ved at over halvparten av elevane på Musikkhøyskolen inneverande skuleår er tidlegare elevar på landslina. Over hundre elevar har gått ut frå Vinstra i dei tjue åra lina har eksistert.

- Og per i dag har vi elevar frå sju fylke på skulen, legg han til.

Ellers var det ikkje mange midtdøler som markerte seg heilt i toppen; best vart Roger Slåstuen frå Skåbu og Mukampen spel- og dansarlag på ein 6. plass i Fele A, der Hans P. Kjorstad frå Harpefoss spel- og dansarlag kom på 8. Kjorstad var også ein av finalistane som spela for Fureprisen, eit musikkstipend FolkOrg deler ut.

Kven som får denne er klart etter meisterkonserten sundag.

William Rustad frå Sør-Fron og Sør-Fron spel- og dansarlag var med i den yngste feleklassa, og så vidt vi kunne sjå einaste deltakar frå det tidlegare høgt plasserte laget.

Mukampen spel- og dansarlag kom på ein god tredjeplass i lagspelklassa, bak Lom og "Spelmannsaget til fremjing av møsegrodde slåttar".

Amalie Kinsarvik Tvilde går landslina for folkemusikk på Vinstra. Ho tok fyrsteplassen i klassa Durspel junior under Landskappleiken 2017 på Røros. Foto: Thor Hauknes/Landskappleiken
Roger Slåstuen frå Skåbu på 6. plass i klasse Fele A. Foto: Thomas Westling/Landskappleiken
Mads Erik Odde kom eitt poeng bak Øyvind Sandum i klasse Durspel senior. Foto: Thor Hauknes/Landskappleiken.