Forslag om tilrettelegging for steinuttak i Grindberga kom som eit innspel til kommuneplanen sin arealdel ved planoppstart.

Dette var eitt av mange innkomne innspel til ny arealbruk som planutvalet tok stilling til, om kva det skal jobbast vidare med og kva som skal avvisast utan ytterlege utgreiingar.

Farga raudt

På planutvalets siste møte før sommaren gjekk dei inn for å raudfarge området ved Grindberga.

– Det betyr at planutvalet ikkje ønskjer at kommunen si planavdeling skal jobbe vidare med dette området, men at det forblir LNF-område (landbruk, natur- og friluftsomårde) som i dag, seier planutvalsmedlem Anne Kristine Lyslo frå AP.

Det er dårleg nytt for potensielle utbyggarar, men kling nok godt i øyro hos både naboar og friluftsforkjemparar.

– Dersom dei framleis ønskjer ei utbygging, må dei sjølve stå for konsekvensutgreiing av tiltaka i området, seier Lyslo.

– Ei sterk føring og eit kraftig signal om kva vi meiner, seier partikollega Terje Sørli.

Støynivå og grøntområde

Han peiker på fleire faktorar dei meiner må vegast opp mot næringsomsyna i denne saka.

– Støynivået er ei side ved saka. Dette vil ikkje gjelde berre dei som er nære naboar, men lyden vil også bere over til Toksefeltet og Øvre Vinstra, seier Sørlie til Dølen.

– Det har vore snakk om ein handfull nye arbeidsplassar?

– Ja, og vi har urdert næringsaspektet her også, men her vart det innbyggarperspektivet som tella mest. Dette er også ei av dei få grøne lungene som er att i dette området, seier Sørlie og Lyslo.

– Kan vera beroliga

Dei meiner dei grøne lungene er viktige, også i eit folkehelseperspektiv.

– Vi politikarar må gjera prioriteringar og ta ansvar. Og vi kan ikkje få i både pose og sekk i alle samanhengar.

– Saka om utbygging i dette området har skapt stort engasjement. Kan dei berørte pusta letta ut nå?

– Ja, eg meiner dei innbyggarane som er berørt av dette bør vera beroliga med dette vedtaket, avsluttar Terje Sørlie.

Naboar og andre frykta at fleire grustak skulle omringe bustadareal og turområde. Foto: Dølen