Saman har dei fire gründerane kompetanse innanfor ski, snowboard, fisking, stisykling, turar høgt og lågt, samt ein god porsjon pågangsmot. Og litt til.

– Vi sat heime hjå oss over ein middag og snakka om utstyr og aktiviteter vi er opptekne av, da Kjell Arne sa at vi berre burde starte ein butikk, seier Hans Anton Torgersen.

Kompetanse og kvalitet

Veka etter starta dei undersøkingar, og nå er det meste på plass, om ikkje i fysisk forstand.

Lokala, banklån, søknader til kommunen, leverandøravtaler, og tusen tankar om vidare utvikling er klart.

– Vi skal stå inne for det vi skal selja sjøl, anten det er snowboard, ski, splitboard, briller, turklede eller kva det er, seier Kjell Arne Høyesveen.

Dei er ikkje redde for å bli slått av netthandel, dei skal vera ein stad for diskusjon, testing, salg og service på utstyret.

– Folk skal kunne koma hit og ta ein kaffe og prate utstyr, vi skal ha tilgjengeleg ein del som folk kan teste, seier dei.

Og så vil dei ha med seg folk på tur, guiding av turar, gjerne i kombinasjon med kurs, kan dei sjå for seg. Anten det er stisykling, randonne eller flugefisking.

– Ta stisykling, Gudbrandsdalen er eit eldorado. Kvar tur du tek er den beste turen nokon gong, og det skjer kvar veke, seier Kjell Arne.

Møteplass

Utvalet skal vera smalt, med få leverandørar, men med kvalitet. Dessutan er miljøprofilen viktig i valg av leverandørar så vel som i butikken.

– Her blir det ikkje eingongsbestikk eller brus. Ta med kopp, eller kjøp påfyllkopp, med kaffe frå det mest lokale brenneriet og lokal sunn mat, seier dei.

– Det er klart det er nesten umogleg å produsere eit snowboard heilt miljøvenleg, men vi har satsa på leverandørar som strekkjer seg langt, seier Hans Anton.

Utfyller

Planane om ein ny butikk har vore udelt positivt motteke, seier dei.

– Det er moro å bli ein del av alt det positive som skjer, det er ja-stemning i Ringebu om dagen, det er artig å vera med på, seier Hans Anton.

– Det er ganske utruleg at vi faktisk bestemte oss for å gjennomføre ideen, det har lett for å bli med praten, seier Julia Hamre.

– Etter at vi hadde gjort dei fyrste undersøkingane og kome framtil det punktet der vi måtte bestemme oss, så var alle enige om at vi skulle satse, seier Hans Anton.

Og dei ønskjer heller ikkje å vera i konkurranse med andre i Ringebu.

– Vi utfyller vel heller det som fins i Ringebu frå før, seier dei.

Mobil i tid og stad

Dei vil førebels utfylle dei andre butikkane på opningstid også, dei kjem til å ha opningstid når dei sjølve har sakna det; etter arbeidstid.

Alle fire kjem nemleg til å halde fram i full jobb ved sidan av.

– Og kanskje butikken blir å finne på ein tilhenger under Galdhøpiggrennet om våren, klare til å selja rette briller til alt slags vær, seier Astrid Husom Torgersen.

Førebels er fire pinnestolar på plass, i løpet av hausten skal eit lite kjøkken, eit heilt spesielt bord og ein generelt lite straumlineprega utstyrsbutikk med god kaffe, vera klar. Astrid Husom Torgersen, Julia Hamre, Kjell Arne Høyesveen og Hans Anton Torgersen satsar på bra vær for ein ute-utstyrsbutikk med noko attåt. Foto: Guro Vollen.