Nord-Fron og Sør-Fron kommunar, Oppland fylkeskommune og Statens vegvesen er dermed samde om tiltaka på gamle E6 gjennom fronskommunene.

Møte vart halde denne veka, og i følge pressemeldinga frå Oppland fylkeskommune vart det vist stor vilje til å sjå på problemstillingane som er reist i samband med arbeidet for å få til ein trafikksikker lokalveg.

Fartsgrensa på 60 kilometer i timen blir oppretthalde utanfor tettstadene, det same med fartsgrensa på 40 kilometer i timen i tettbygde strøk.

Vegen blir breiare

På strekningen Kiwi Harpefoss til Vinstra sør (Øia gard), der det ikkje er gang- og sykkelveg, vil den nye kvite kantlina bli som ho er, men vegskuldra blir bredda ut til ein meter, slik planane sa, for å legge betre til rette for gåande og syklande langs vegen.

På strekninger med gang- og sykkelveg vil vegen bli merka opp på same måte som før asfalteringa i sommar. Det vil seie med gul midtline og kvit kantline. På strekningar utan gang- og sykkelveg vil den inntrekte kantlina bli ståande utan gul midtline.

– Vi er alle opptekne av å koma oss vidare. Difor må vi høyre på gode innspel og koma folk i møte innanfor dei vedtaka som er gjort. Ein skal oppleve vegen som ein god lokalveg, seier fylkesordførar Even Aleksander Hagen.

Tiltaka ein nå er samde om, blir sett ut i livet med det same.

Nøgde ordførarar

Ordførar Rune Støstad i Nord-Fron og varaordfører Jon Suleng i Sør-Fron gjevbåe uttrykk for at det det var eit konstruktivt og godt møte, i følge pressemeldinga frå fylkeskommunen.

– Vi vart lytta til og er nøgde med dei endringane som blir gjort nå. Tiltaka som er sett i verk har møtt mykje motstand, og vi har jobba for å behalde vegmerkinga slik ho var før. Nå har vi kome fram til ei ny løysing der nokre av innspela våre er teke med. Vi er også glad for at Statens vegvesen seier de vil jobbe for at det blir ein meters skulder der kantlina er trekt inn, der det ikkje er gang- og sykkelveg, seier dei to.

Suleng peikar på at semja ikkje når heilt til kommunestyrevedtaket i Sør-Fron, men at han likevel er godt nøgd med det som nå er oppnådd.

Baksidevegen var også tema. Her er det auka trafikk, spesielt med tunge køyrety. Fylkesordføreren er uroa for trafikkauka og seier at ein vurderer tiltak også på denne strekninga.