Statsminister Erna Solberg saman med mellom andre varaordførar i Sør-Fron, Jon Suleng, under fredagens uttdeling av Peer Gynt-prisen. 
            (Foto: Bjørn Sletten)

Statsminister Erna Solberg saman med mellom andre varaordførar i Sør-Fron, Jon Suleng, under fredagens uttdeling av Peer Gynt-prisen. Foto: Bjørn Sletten

Årets Peer Gynt:

Statsministeren delte ut Peer Gynt-prisen

NRK-serien heidra ved Gålåvatnet fredag. Statsminister Erna Solberg stod for overrekkinga av Peer Gynt-prisen.

- Der Peer stort sett går utanom går SKAM tvers gjennom, sa leiar av stiftelsen Peer Gynt, Rune Støstad da NRK-serien fekk tildelt Peer Gynt-prisen.

Rune Støstad omtalte serien som Norges nye nasjonalepos.

Ina Svenningdal, ei av skodespelarane frå serien, var konferansier under utdelinga.

- For SKAM har det vore eit veldig stort ønske å vise fram verkelegheita til ungdom i Norge i dag, sa Svenningdal.

SKAM er den 47. vinnaren av Peer Gynt-prisen, og fleire av aktørane frå serien bidrog. 

Statsministeren delte ut prisen

SKAM-skaper Julie Andem tek imot prisen frå statsminister Erna Solberg.

- Mykje er sagt om SKAM, og med god grunn. Det vesle universet med ungdom frå Oslo, tok fyrst Norge med storm - på tvers av generasjonar. Så tok dei Norden. Så vil amerikanarane lage sin eigen versjon. Det er rett og slett ein innmari god serie om å vera ung, sa Erna Solberg.

- For meg går det ei linje frå Peer Gynt til SKAM, sa Solberg, som drog parallellar mellom SKAM og Peer Gynt.

SKAM har vist fram det unge og det mangfaldige Norge, sa Solberg vidare, men peikte også på det universelle ved serien - slik Ibsens stykke også gjer det.

Dei verdiane som er ganske naturlege for oss, er ikkje nødvendigvis naturleg i resten av verda. Eg håper vi kan fortsette med å vise fram dei verdiane, og at andre kan kjempe for dei same verdiane, sa serieskapar Julie Andem.

Dølen kjem attende med meir.

Meir å lese på Dølen:
 
Serieskaper Julie Andem tok imot prisen saman med delar av SKAM-gjengen.
            (Foto: Bjørn Sletten)

Serieskaper Julie Andem tok imot prisen saman med delar av SKAM-gjengen.Foto: Bjørn Sletten

Blir lese nå:
 
Siste nyheter

Musikkvideo fra hjemtraktene

Ikke overraskende økte interessen etter at låta hennes ble brukt på NRK. Nå er musikkvideoen til MaVe ute.

Kommunen stiller krav:

Kan kreve at kunsten fjernes

Mandag møter Nord-Fron kommune og fylkeskommunen kunstnerne bak kunstinstallasjonen i Kvam.

De skulle starte Bed & Breakfast, men velger nå å flytte fra Ringebu

Føler de ble motarbeidet av kommunen

Ekteparet Berit Thyra og Stein Pedersen hadde planer om å gjøre om «Stallen» til Bed & Breakfast, etter at de måtte avslutte gullsmedforretningen på grunn av et innbrudd.

Regionsamarbeid i hele dalføret

Fredag signerte alle ordførerne i Lillehammer og Gudbrandsdalen ei erklæring, hvor målet er å dra i samme retning.

Målpris til ein dialektelskar

Asbjørn Myrvang fekk torsdag kveld tildelt Fron Mållag sin målpris for 2017.