Det er nemleg duka for årets Ahsco-cup i Kåja. Fotballturneringa der teambuilding og sosialt samvære er like viktig som å få ballen i mål. Kanskje.

– Alle bedrifter er opptekne av å skape samhald og eit godt miljø, seier turneringsansvarleg Tom Roger Rognli.

– Cupen er ein aktivitet som kan støtte oppunder dette. Og så handlar det sjølvsagt om å forsvare bedrifta si ære. Dette er teambuilding på høgt nivå, meiner han.

Lågterskel-cup

Turneringa startar tidleg laurdags morgon og avsluttast med finale ut på ettermiddagen. Kampane er akkurat passe lange; ein gonger ti minutt.

– Dette er ein lågterskel-cup og eit tilbod til dei som eigentleg ikkje spelar fotball. Så spelar vi femmarfotball, slik at flest mogleg kan klare å stille lag, seier Rognli, som og fortel at dei har reindyrka bedriftskonseptet meir framfor årets cup.

– Vi slepte opp eit par år med at vennelag og oldboyslag fekk stille. Men i år har vi berre bedrifter med. Skal vi klare å vare over tid, må vi ha ein rein bedriftcup, slår han fast.

Det er Vinstra IL som står som arrangør av turneringa, og dei får også alle inntekter etter cupen.

– Med rundt 150 000 kroner i overskot, er dette den største inntekstkilda idrettslaget har. Slik sett er alle desse bedriftene indirekte med på å sponse laget, seier Rognli. Turneringa trekkjer i år lag både fra Gausdal og frå Lillehammer.

Etterfest

Etter at kampane er ferdigspela i Kåja, ber arrangøren inn til bankett.

– Den har vi lagt meir i enn tidlegare. Vi får livemusikk med Partybandet Norge, og vi har lagt ut 150 billettar som alle kan kjøpe, fortel Rognli. Etterfesten skal vere i messehallen i Kåja.

Rognli meiner cupen kan føre mykje positivt med seg, også på tvers av laga som deltek.

– Det å møte andre bedrifter og gjere noko saman, skapar gode relasjonar, seier han.