Landslina for folkemusikk vart etablert på Vinstra i 1997, slik cirka fem år etter det vart mogleg å studere folkemusikk på høgskulenivå, og etter at forsøk med folkemusikk som fag på vidaregåande skule hadde stranda to ganger før.

Blanding gjev styrke

Lina som gjennom åra har losa over hundre elevar gjennom løpet har ein sterk posisjon. Og elevane som har gått her er dei beste ambassadørane; berre i juli har Moshagen fått to telefonar frå elever som lurar på om det kan vera mogleg å koma inn?

– Dei hadde vore på kappleik og høyrd god omtale frå tidlegare eller nåverande elevar, fortel leiar for avdelinga musikk, dans og drama ved Vinstra vidaregåande skule, Vegard Moshagen.

Kappleik- og festivalsommaren merkar godt eksistensen til landslina. Ved årets landskappleik, var mange tidlegare og nåverande elevar å sjå på deltakarlistene – fleire heilt på toppen etter endt tevling.

Nokre røyster har hevda at kan vera problematisk for folkemusikken at så mange utøvarar er skolerte, anten det er på høgskulenivå eller frå vidaregåande.

– Oppfatninga av folkemusikk er definert som noko ein driv med på fritida med opplæring i det lokale spelmannslaget, trur eg vi må utvide, seier lærar ved lina, Tom Willy Rustad.

– Hugs at det berre har vore mogleg å utdanne seg innan folkemusikk i 25-30 år. Det ville vore trist om ein etter ein så stutt tidshorisont skal vurdere det som «feil» å ha utdanning, seier Moshagen.

Han legg til at ein elev på landslina ikkje nødvendigvis spelar meire torader enn ein tømrar frå Ål gjer.

– Om ein ser på resultatlistene gjer elevar frå her det godt, men dei har jo maks halvparten av plassane på lista, av vinnarane er minst like mange som ikkje er utdanna. Det har like mykje med kor mange som stiller, meiner Moshagen.

Alle set spor

Dei to kan følge mange tidlegare elevar som gjer det godt med musikken, og over halvparten av fjorårets kull på folkemusikk ved musikkhøgskulen, har gått på Vinstra. Men også alle dei andre, over hundre i talet, ser lærarane er store ressursar for folkemusikken i alle kantar av landet. Dei som på fritida leiar eit spelemannslag eller jobbar som timelærar i kulturskulen, har musikken med seg der dei havnar. Alle fylke, med unntak av Finnmark, har hatt elevar her.

– Det at mange av elevane har teke eit så bevisst val allereie før dei kjem hit, og bur her langt unna heime medan dei går her, er med på å skape eit spesielt miljø, seier Moshagen.

Det kan til forveksling likne på ein folkehøgskule. At ein også har ei line der alle sjangrar er representert, ved sidan av folkemusikk er kanskje det med på å sikre det eksistensen i 20 år til.

Samspel styrkar

Moshagen og Rustad meiner mykje av grunnen til at lina eksisterer etter 20 år, er at dei har eit breiare fundament.

Landslina er integrert i Musikk, dans og drama, og fellesfag blir ikkje «dyrare» i drift sjølv om landslina eitt år skulle ha mindre enn fem elevar.

Etter kvart har Musikklina vorte nærast som ein institusjon å rekne i Midtdalen. Som når sommartoget eller kongeparet kjem – det er nesten like naturleg at desse står i fremste rekke, som at ordføraren gjer det.

Spira studentspelemannslag spela i 2010 inn musikk som tonsette jula i NRK P2 . Delar av laget den gong,(f.f.v.) Lars Magnus Stakston, Randi Johanne Hoseth, Sina Myhr og Inga Volden. Bak frå venstre: Rigmor Hålien, Jorun Grøgård, Sigrid Listuen og Bente Akslen Hagen. Foto: Bjørn Sletten/arkiv