Stortingsvalget engasjerer også framtidas velgjarar. I 7. klasse ved Kvam skole har dei også teke valet inn i klasserommet og aktivt prøvd seg på kva det vil seie vera politikar og sitte i ein debatt.

- Vi har hatt ein felles time med informasjon om politikk, politiske part og ulike omgrep. Så fekk elevane trekke eit politisk parti dei skulle representere, fortel lærar Anette Storbråten.

Saklege og engasjerte

Elevane gjekk ivrig inn i arbeidet. Dei fann ut mest mogleg om partia, og kva for hjartesaker dei har. Så var det å finne ut korleis en skulle argumentere for å stemmer til "sitt" parti.

- I debatten satt elevane i panel og deltok aktivt i debatten. Elevane var saklege, veldig enagsjerte og dei tykte det var kjempegøy, fortel ein fornøgd lærar.

- Elevane lurte på om vi ikkje kunne gjere dette fleire gonger, legg ho til.

I tillegg til å ha eitt parti å representere, hadde elevane frå Kvam i oppgåve å sette seg inn i politikken til eit anna parti også.

Dette må lova godt for ungt politisk engasjement i framtida, tenkjer vi i Dølen.

Og desse elevane vil nok også følge ekstra godt med på valet denne gongen.