Til og med publikum vart beordra opp frå setet og inn i sangen av major Eldar Nilsen, pensjonert dirigent frå garden og samansyar av programmet.

Været flytta festivalen

Eit program som eigentleg altså skulle vore framført under ein større himmel enn det Vinstrahallen kunne by på, i det naturlege amfiet Mjølbøla i Sødorpfjellet.

Fullt hus og eit mangfaldig program var likevel resultatet når Vinstra musikklag inviterte til Mjølbølafestival. Eit musikklag forsterka med musikantar frå Alvdal og Tynset, frå Vålerenga og Vang, frå Kvam og Danmark.

Toppa lag

Eit toppa lag med andre ord. Og med gjester som Mukampen spelmannslag, sangsolistar Marita Aanekre og Mina Letrud og ikkje minst fiolinist Arve Tellefsen, vart det vel verdt turen. Også Vinstra drill og skodespelarar frå Per Gynt teaterlag bidro i framsyninga, under litt andre forhald og med litt trongare kår framom scena enn det som var tenkt i dei naturlege kulissane.

Pål Martin Enstad Hansen er til dagleg dirigent for Vinstra musikklag, og laurdag var det han som verkeleg fekk stemninga opp når han framførte komposisjonen Vidda, saman med det forsterka musikklaget.

Stemningsfullt

Ved Rondane og Dovregubbens hall høyrer naturleg til, og sistnemnde vart forsterka av eit tablå frå teaterlaget, med troll og skrømt tedde seg ein Dovregubbe verdig.

Når Gjendines bånlåt blir avløyst av Bergrosa  - og Mukapen spelmannslag forsterkar laget med ein opplagt Arve Tellefsen - er ikkje nasjonalromantikken langt unna.

Les meir om konserten i neste Dølen 14. september.