Stemninga i Bjerkebæk, der Undset budde, har ho vore nedover og kjent på. Den er også ein del av foredraget om tre fascinerande kvinner; to romanfigurar og Undset sjølv.

– Undset er jo ein bauta, og ein person eg har vore fascinert av og ville lære meir om. Eg har i tillegg teke utgangspunkt i to av romanfigurane hennar, Jenny og Kristin Lavransdatter. Gjennom desse to og Undset sjølv, har eg laga eit konsertforedrag der halvparten er nyskrive musikk og andre halvparten ei forteljing om desse tre kvinnene, seier Rønshaugen.

Ulik tilnærming

Dei to romanfigurane er ulike i tid og stad, og det gjev seg også utslag i musikken. Jenny, kunstnaren som målar i Roma, og middelalderens Kristin Lavransdatter vekker ulike musikalske stemningar.

– Musikken blir farga av dei stemningane eg kjem i når eg les bøkene og om Sigrid Undset. Den eine låta om Kristin byggjer litt på folketonar og folkemusikk, medan eg har forsøkt å få til den italienske stemninga i musikken til Jenny. Eg blir rett og slett inspirert av stemninga eg blir sett i når eg les, og forsøker å formidle det gjennom musikken, seier ho.

Stemninga og musikken heng tett saman, men det er ikkje slik at musikken nødvendigvis kjem med stemninga av seg sjølv.

– Det er litt blanda. Av og til kjem musikken nærast av seg sjølv, medan andre gonger må det arbeidast med fleire gonger. Kanskje kastar eg alt og tek til på nytt. Om eg jobbar med saksofonen eller leikar meg med lydar eg har lagt inn elektronisk, gjev det også ein variasjon i korleis ting kjem inn, seier Ida.

Kvar som helst

Sjølv om det er det fyrste konsertforedraget Ida lagar av dette slaget, er det ikkje fyrste gong ho står framfor eit publikum på denne måten. Tidlegare har ho levert foredrag retta mot næringslivet, med metoder for å senke stressnivå og nervøsitet og auke konsentrasjon.

– Dette blir annleis. Det er eit ope foredrag, og eg vil tru folk kjem også kjem fordi dei har interesse av Sigrid Undset og forfattarskapen hennar, fortel ho.

Til arbeidet med foredraget har ho fått kunstnarisk støtte frå Oppland fylkeskommune på 20 000 kroner. Og etter urframføringa på Bjerkebæk tek ho foredraget vidare til Nord-Aurdal og Lom, seinare i haust.

– Eg kan jo ta dette med kvar som helst, Sigrid Undset står framleis sterkt både nasjonalt og internasjonalt, ikkje berre i Oppland, seier Rønshaugen.

Og det blir kanskje ikkje heilt det same foredraget kvar gong heller.

– Det endrar seg nok litt, ofte er det slik at eg kjem på ting undervegs når eg held foredrag, små digresjonar og anna. Og så er det jo improvisasjon i musikken også, seier ho.

Nå gler ho seg til å spela og snakke på Bjerkebæk.

– Det er noko med å vera på den staden, som betydde så mykje for denne spennande kvinna, seier Ida.

Ho let seg imponera meir av Undset, til meir ho les om ho.

– Eg blir stadig meir fascinert over kor sterk og modig ho var, og korleis ho brukte sin posisjon til å vise sin ståstad, seier Rønshaugen.

Fleire på blokka?

Dei tre damene Jenny, Kristin og Sigrid har nå fått sitt foredrag. Rønshaugen seier ho ikkje har nokon annan kunstnar på blokka ennå, men at ho likar denne måten å jobbe på.

– Eg tykkjer det er moro å jobbe med konkrete utgangspunkt, som i denne prosessen. Å jobbe ut i frå litt stramme rammer triggar kreativiteten, seier ho.

Sundag held Ida konsertforedraget på Bjerkebæk i Lillehammer.

Undset: Eit konsertforedrag om Undset og hennar karakterer Jenny og Kristin er klart. Foto: Gyldendal forlag