Det er ei litt uvanleg og ei litt artig historie, ordførar Ole Tvete Muriteigen fortel om på Facebook. Denne veka forvann nemleg ei av søyene frå gardens hans. 2,5 mil gjekk ho, frå setra og til Skurdalslia, der ho vart obesrvert fleire gonger. Likevel var ho ikkje lett å finne. På sjølvaste valdagen fekk så ordføraren telefon.

– Det kom melding frå Jon Suleng, som hadde forbarma seg over søya vår, og to andre som var kome på vidvanke. Artig samantreff, dette, men også ei påminning om at det er viktig å varsle frå om sau i framant område, og gjerne prøve å stenge den inn, skriv Muriteigen. Nesten varaordførar på heiltid, Suleng, der, altså.