Rett etter  skulestart fekk Dølen tilsendt bilete av bussar der opptil 14 passasjerar måtte nytte ståplass mellom Vinstra og Otta.

Fleire elevar med skyssrett enn det Opplandstrafikk (OT) hadde rekna med, var bakgrunnen, seier Oddmun Bergon i busselskapet, som er eigd av Oppland fylkeskommune.

Forlenga rute

Opplandstrafikk fekk melding om den overfylte bussen, og sette inn tiltak frå 6. september.

– Bussen som før gjekk frå Hundorp til Vinstra med elevar til vidaregåande, tek nå med seg elevar som skal til Otta, før den reiser vidare via ny E6 til Sjoa, der elevane byter med skulebuss frå Heidal, vidare til Otta, seier Bergon.

Elevar frå vidaregåande har skyssrett direkte frå fylkeskommunen. Det var elevar med skyssrett gjennom Nord-Fron kommune, som ikkje var meldt inn innan skulestart. OT administrerer skyssen deira på vegne av Nord-Fron. Det er snakk om 12-15 elevar som bur i Nord-Fron, men som går på skule på Læringssenteret på Otta.