Spiseriet ved Fåvangkroa har vore i drift i snart eit år, og til fårikålfestivalen opnar også butikkutsalet med ultralokal mat, eigne delikatesser og spennande varer heilt utanom standardsortimentet til nokon butikk.

– Nå skal vi også opne for kafedrift på dagen, og fellesnemnaren for både kafe og restaurant er heilt heimelaga og så mykje som mogleg lokalt basert mat, seier Bystadhaugen.

Han legg vekt på å få fram det som har vorte borte i stordriftsbasert matindustri, og meiner han følgjer ein trend i vekst, også i Gudbrandsdalen.

– Vi startar i det små, og i tillegg til kjærleiken til maten og råvarene, vil vi gjerne bidra både med liv og røre når vi bur i eit lite bygdesamfunn, seier han.

Derfor vil dei fylle det gamle gjestgiveriet Fåvangkroa med meir.

– Vi har eit stort hus som saknar liv, og vil bruke det for å bidra til at Fåvang framleis kan vera eit levande sentrum, seier han.