Ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen, er ein av åtte søkjarar til stillinga som dagleg leiar for regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen.

Muriteigen seier til Dølen at det ikkje inneber at han blir borte som ordførar, dersom han skulle få jobben.

- Eg kan berolige nokre og skuffe andre. Dersom eg får jobben, vil eg måtte be om permisjon fram til eg er ferdig som ordførar i 2019, seier han.

Er allereie tilsett

Muriteigen har også i dag permisjon frå ei stilling i Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen. Han seier det er ein region med innbyggjarar og næringsliv han kjenner, og at det er ein krevjande og interessant jobb.

- Bakgrunnen for at eg søkjer er at jobben eg gjer som ordførar nå er eit verv eg er vald til. Ingen parti har vel starta nominasjonar heller ennå, og eg har heller ikkje teke ei vurdering av kva eg vil svare om eg blir spurt, og det er også ei heller usikker bransje, slik sett, seier han.

Muriteigen seier det er ei vurdering der han har vald å tenkje på seg sjølv og familien.

- Å vera ordførar er ikkje ein sundagsskule, sjølv om det er den mest interessante jobben ein kan ha om ein driv med politikk og er engasjert, seier han.

Sju søkjarar

Mellom søkjarane er også konstituert leiar Frode Damstuen frå Vågå. Her er resten av lista:

Helge Båtstad, 30 år, student, Tromsø

Inger O. Sverkmo, 58 år, prosjektleder, Lom

Maria E. Tarhow, 31 år, medinstruktør, Ringebu

Øyvin Stadeløkken, 49 år, arbeidssøker, Lalm

Frode Damstuen, 58 år, konstituert daglig leder, Vågå

Kari S. Hoff, 60 år, daglig leder, Vingrom

Bjørg Aaseng Vole, 61 år, daglig leder, Vågå