I vår hadde Skåbu storfint besøk av elevar frå skulen Thomas Tallis school i London. Nå er det dei åtte elevane i ungdomsskulen frå fjellbygda sin tur til å reise til dei. Tysdag morgon gjekk flyet med spente elevar, saman med tre pedagogar og to i frå lokalt næringsliv.

Fagleg og sosialt utbytte

Dølen fekk ein prat med dei reisande, før dei skulle på farten.

– Vi gler oss veldig. Fleire av oss har hatt god kontakt med dei som var hos oss i vår, og nå blir det spennande å sjå korleis dei har det på sin skule, seier dei. Og det er midt i blinken for Skåbu-skulen å samarbeide med skulen i London. Dei har same læringsprofil, som handlar om å arbeid og lære gjennom entreprenørskap.

– For oss handlar det om å vere med i eit utvekslingsprogram som gir utbytte både fagleg og sosialt. Vi ser at vi er få i Skåbu, og at vi treng å møte andre. Så skal vi også vere med i undervisninga, og vi skal finne på mykje moro i lag, seier lærar Tori Virik. Skulen i London har heile 2000 elevar og er resultatmessig i toppsjiktet i landet.

– Det fortel at det kanskje ikkje er ein så dum idé å jobbe etter det prinsippet som vi gjer, meiner Virik.

Styrke læringsmiljøet

At det er stas ålegge ut påreise for å møte nye vennar i England, legg ikkje elevane skjul på.

– Ei natt skal vi overnatte i telt og grille i skulegarden. Midt i London, smiler Ronja Varpestuen. Opplevingane vil stå i kø; dei skal også køyre båt på Themsen og besøke Brighton.

– Det som er fint, er at det er elevbedriftene som sjølve finansierer turen. Dei har igjen fått støtte frå Oppland fylke. Dette vil styrke læringsmiljøet vårt, seier Virik.

At nokon frå næringslivet også er med på turen, ser skulen på som svært positivt.

– Vi tenker litt marknadsføring oppi dette også. Vi må prøve å dra i hop i denne vesle bygda vår, slår Virik fast.

Turen skal vare frå tysdag til fredag denne veka. Elevane reknar med å ta med seg ein stor porsjon gode opplevingar heim att.

– Vi håpar også at dette skal bli ein årleg event. At vi kan rullere på å besøke kvarandre, seier lærar Ida Myhren.