Fredag kveld var landbruksnæringa samla til festleg lag i teltet ved Annis pølsemakeri i Ringebu sentrum, i samband med Fårikålfestivalen.

Gode representantar

Kveldens høgdepunkt var utdeling av Årets Midtdalsbonde.

I år var det sørfrøningen Hans Mathias Ulberg som stakk av med sigeren, og på scenen fekk vinnaren utdelt diplom og ein sjekk på 10 000 kroner, gitt av Sparebank 1 Gudbrandsdal.

Prisen er eit samabeid mellom banken, Primærnæringsutvalet og lokalavisa Dølen, og det er femte året at den blir delt ut.

Det var tre engasjerte bønder frå Midtdalen som var nominert. I tillegg til Ulberg, var Borgny Skansen Sletten frå Vinstra og Tor-Håkon Berget frå Ringebu kandidatar til prisen, og bøndene vart alle heidra for deira innsats, satsingsvilje, engasjement og god framtidstru.

- Juryen har hatt eit vanskeleg val. Desse tre representerer næringa på ein svært god måte, sa redaktør i Dølen, Tone Sidsel Sanden, da trekløveret vart intervjua på scenen, før prisen vart delt ut.

- Stas å vinne

I tillegg til Sanden har Johannes Bjørge frå Sparebank 1 Gudbrandsdal og Kjell Arne Kaus, leiar i Primærnæringsutvalet vore med i juryen.

Johannes Bjørge frå Sparebank 1 fekk æra av å dele ut prisen til vinnaren, og gåvesjekk på 2500 kroner og diplom til dei to andre kanditatane.

- Vi gratulerer dei som er nominerte til prisen. Eigentleg fortener dei utmerkinga alle tre, men vi har landa på den vi meiner fortener den mest, sa Bjørge, og uropte med det Ulberg som vinnar.

- Eg er veldig glad for prisen. Det var stas å vinne. Det er mange aktive i Midtdalen, så eg føler eg er i godt selskap. Dette er ei anerkjenning og syner at nokon har lagt merke til jobben vi har gjort. Det er ein positiv trend i Midtdalen nå, med mange som restaurerer og bygger på. Eg har inntrykk av at det er mange unge som satsar, sa Ulberg etter prisutdelinga.

Dei tre nominerte til prisen fekk fortent applaus frå dei omlag 50 frammøttet i teltet i Ringebu.

Kjell Arne Kaus (f.v.) frå Primærnæringsutvalet, Tone Sidsel Sanden, redaktør og dagleg leiar i Dølen, Borgny S. Sletten (nominert til prisen), Tor-Håkon Berget (nominert til prisen), vinnaren Hans M. Ulberg og Johannes Bjørge frå Sparebank1 Gudbrandsdal. Foto: Ole Maurits Nybakken
Vinnaren Ulberg (nr. to frå høgre), flankert av jurymedlemmane Kjell Arne Kaus (f.v.), Johannes Bjørge og Tone Sidsel Sanden. Foto: Ole Maurits Nybakken