Etter planen skulle filmen visast ein gong, men da publikum kom til Tromsvang i hopetal, valde arrangøren å tilby og køyre ei ekstra framsyning.

– Det at interessa er så stor, fortel noko om kven Øyvind var, konstaterte filmskaparane Lars Krogsveen og Svein Andersen.

Siste sommaren

For Øyvind Rønningen var ein heilt spesiell mann, som har betydd mykje for mange.

Det var Andersen som hadde ideen om å lage film om gjetaren.

– Gjennom familien Krogsveen fekk eg høyre om Øyvind. Han var gjetar og budde heile sommaren i Ramshytta på Venabygdsfjellet. Dette i samband med den personen han var, gjorde at eg fekk lyst til å lage film. I 2013/2014 var det på tide å gjera noko med ideen. Da var det naturleg å samarbeide med Lars, som både er interessert i foto, og som har kjend Øyvind heile livet, fortel han, og legg til:

– Øyvind hadde ein fantastisk livsfilosofi. Han såg noko stort i dei små tinga. Han var ein klok mann som var open for andre sine tankar og meiningar. Ein blir nok litt spesiell av å bu store delar av året på fjellet.

Da dei to filmskaparane gjekk i gang med prosjektet, visste dei ikkje at Øyvind var alvorleg sjuk, og at dette var den siste sommaren han var gjetar på Ramshytta. Han prata ikkje noko særleg om det, men det prega han nok. Øyvind var trygg på at den plassen han kom til, var ein god plass å vera.

Innblikk i livet på Ramshytta

I den 35 minuttar lange filmen fekk publikum eit innblikk i Øyvind sitt liv, med eit særleg blikk på livet i Ramshytta. Ein kan sjå at det ligg mykje tid, arbeid og omtanke bak filmen.

– Vi hadde så frykteleg mykje råmateriale som vi ikkje fekk brukt, men ein kan jo ikkje ta med alt heller, seier Krogsveen.

Øyvinds verd var prega av ro, humor, livsfilosofi og nydelege naturbileter. Stemninga i salen var god, og mange hadde ein nær relasjon til Øyvind.

Som innleiing til filmframsyninga las konferansier, Tina Lie, eit dikt som Øyvind har skrive. Diktet startar med strofa: «Jeg føler den glede med venner til stede at livet kan være veldig flott». Nettopp dette var tilfellet onsdag kveld på Tromsvang.

Fanga essensen

Øyvind var ikkje berre ein gjetar som gjekk mange timar i fjellet kvar dag for å passe på sauane, som han hadde så stor omsorg for. Han var blant anna ein ivrig skitrenar, glad i song og musikk og ein kløppar med ord.

I filmen blir Egil Kristiansen intervjua.

– Utan Øyvind hadde eg nok ikkje starta med ski i det heile, sa han. Dette gjeld nok for mange som har satsa på ski i Midt-Gudbrandsdalen. Øyvind engasjerte seg stort i ungdom som hadde lyst til å drive med langrenn. Han «preppa» ski, kjørte til skirenn, laga handskrivne treningsopplegg og støtta opp.

– Ein kunne sikkert ha laga ein heilt eigen film berre om ski, slår Krogsveen fast.

Dei som sto Øyvind nærast, var einige i at filmen fanga essensen av kven han var som person.

“Vi må slutte å ta problema på førehand”, seier Øyvind i filmen. Det er som oftast slik at det ikkje blir noko av det vi bekymrar oss for. Da sparer vi oss for så mykje. Det er alltid mulig å snu det negative til noko positivt, var bodskapen hans.

Og mens vi sit og ser på filmen, tenkjer vi at alle har noko å lære av Øyvind. I diktet som vart sitert over, skriv han vidare: «En ting jeg jo merker og føler at virker, det er å være litt snill mot seg. Da kan det nok lykkes og bedre uttrykkes et rosende ord til en venn på vår vei».

Full sal: Planen var å vise filmen, som Svein Andersen og Lars Krogsveen har laga, ein gong. Menunder to framsyningar vart Tromsvang fylt til randen. Foto: Emil Nyeng
Klok: Rønningen var ein mann som var klok i ord, og som skrei mange dikt og skildringar. Nokre av dei fekk publikum høyre i filmen. Foto: Emil Nyeng
Filmskaparane: Svein Andersen (t.v.) og Lars Krogsveen fekk skryt for ein godt laga film. Foto: Emil Nyeng
Sanggruppa Strandklang framførte fleire av sangtekstene Rønningen skreiv. Foto: Emil Nyeng