Det var 7. september at vi i Dølen skreiv om Eline og Magnus, som bur sør for Dale-Gudbrands gard på Sør-Fron. Etter at gamle E6 vart gjort om til lokalveg, meinte Sør-Fron kommune at vegen ville vera trygg nok som skoleveg for gåande. Dermed tok dei frå dei to elevane ved Midtbygd skole gratis skoleskyss.

– Det er ingen som sender barna sine gåande på denne vegen. Den er ikkje trygg som skoleveg, uttala mor Wenche Løfsgaard til Dølen i saka. Ho og familien bur tett på lokalvagen, og beskriv ein kvardag der det er tett trafikk, kanskje spesielt om morgonen. Men nå har altså kommunen gjort ny vurdering i saka, og gitt gratis skyss likevel. I alle fall for eitt år.