«Eplet opp, munnen igjen og hendene i fanget!» 20 par hender snur iPadar opp ned og stirer opp mot tavla, der Tove Elisabeth Ødegaard frå RIKT står. Ho er på besøk for å lære elevane å bruke digitale plattformer på skulen. Nokre gløymer seg og begynner å prate med sidemannen, men får raskt beskjed om å følgje med.

Tilpassa nivå

Fyrsteklassingane ved Sødorp skule har nyleg fått kvar sin iPad på skulen. Nå skal dei lære korleis den skal brukast. I starten jobbar dei med enkle kommandoar og oppgåver på skjermen, som å endre storleiken på skrifta og skrive korte ord attmed bilete. Oppgåvene blir tilpassa elevens nivå, dei som er raske får gå litt vidare, medan dei som treng litt lengre tid får gjere seg ferdige.

Innspel frå skulane

1,1 millionar kroner i året kostar det Nord-Fron kommune, som nå deler ut iPadar til alle elevar mellom 1. og 10. klasse. Ifølgje ordførar Rune Støstad, er det ingen andre kommunar i Gudbrandsdalen som har gjort noko liknande. Han kallar det «ei satsing på ungdommen».

– Dette er eit tiltak for å ruste elevane for framtida, skal dei henge med må ein sette inn tidleg innsats, seier Støstad.

Frå rektorar og lærarar har det komme ønske om tilgang på denne typen hjelpemiddel i skulekvardagen. Nå har ønsket endeleg blitt oppfylt.

– Med ei så sterk vilje hjå skulane, har det vore lettare å få dette til, seier ordføraren.

Kompetanseheving hjå lærarar

Digitale ferdigheiter er ei av fem ferdigheiter som sjåast som grunnleggjande i læreplanen. Skulane vil framleis disponere klassesett med PC-ar. I tillegg til elev-iPad, blir det satsa på betre digital infrastruktur i skulen. Også dei tilsette får iPad.

– Samstundes som elevane skal auke sin digitale kompetanse, må nivået også opp hjå lærarane, slik at dei kan nytte dette på ein ordentleg måte, seier Støstad. Han får støtte frå rektor Inger Helen Jansrud, som er takknemleg for at det med utstyrskjøpet også følgjer opplæring.

Godt nøgd rektor

Jansrud er klar på at skulebudsjettet ikkje rommar ein slik investering og er glad for at politikarane er lydhøyre for innspel frå skulane.

– Det er fantastisk å få iPadar. Vi har utfordringar med å motivere ein del elevar, da spesielt gutar. Vi ser at ved å nytte hjelpemiddel som desse, er det mogleg å tilpasse læringa meir enn med bøker. På sikt vil nok slike alternativ ta over meir og meir for bøker i skulen.

Nå kan alle nytte same verktøy på skulen og dermed skil heller ingen seg ut. Å auke den digitale kompetansen er essensielt for at elevane skal henge med i samfunnsutviklinga, meiner Jansrud.

– Vår jobb er å sjå til at elevane er konkurransedyktige når dei fullfører vidaregåande skule, dette er med på å leggje eit godt grunnlag.

– Gøy å prøve

Lengst bak i klasserommet sitt Lisa og Oline. Dei har testa ut iPad fleire gonger tidlegare.

– Det er artig å sjå på den. Eg har brukt ein slik ein før, da såg eg på NRK Super, fortel Lisa. Oline nikkar og dobbeltklikkar på biletet av ein fisk på skjermen, medan ho seier at det er bra å få prøve det på skulen.

Elevane får ta med seg dei nye verktøya heim og planen er at dei etter kvart skal bli ein naturleg del av skulekvardagen for både små og store.

Tove Elisabeth Ødegaard viser elevane korleis dei skal arbeide i par. Foto: Silje Josten Lien