Kvam gjekk i svart

Berre ein halvtimes straumbrot, men nok til at alternative lyskjelder måtte til.Foto: Guro Vollen

Nyheter

Mannskap frå Gudbrandsdal Energi (GE) var raskt ute for å feilsøke og rette eit straumbrot i Kvam tysdag kveld.

Morten Rudi i GE seier til Dølen ved 22.00-tida, at dei ikkje veit årsaken til straumbrotet, men at dei er på veg ut med mannskap.

987 kunder var berørt av straumbrotet, i følge oversiktskartet GE har på nett. Klokka 22.40 var framleis 605 straumkundar råka, i området opp mot og omkring Rondablikk på Kvamsfjellet. Nede i Kvam kom straumen attende litt over klokka 22.10.

Det var kundane som er kopla på stasjonen ved Heggerusten, som var utan straum. Det vil seie at heile Kvam var utan straum ein snau halvtimes tid tysdag kveld. Klokka 22.42 var framleis abonnentar på Kvamsfjellet utan straum, i følge avbrotskartet til GE.

Gennom natta har det vore fleire utfall i Midtdalen, og på det meste var 1295 kundar utan straum. Per 08.40 onsdag er 25 kundar utan straum i Sør Fron.

Saken er oppdatert