Korpsmusikk har lange tradisjonar og alltid stått sterkt i Kvam. For 40 år sidan vart skulekorpset starta opp, etter initiativ frå skulens foreldreutval, med Ola Moen i spissen. Ola vart seinare fast dirigent, saman med Tor Aspeslåen. I helga fekk musikkens grand old men igjen svinge dirigentstokken, framfor både tidlegare og nåverande medlemmar i skulemusikken.

Sjefane: Musikkens grand old men, Tor Aspeslåen (t.v.) og Ola Moen, som dirigerte Kvam skolemusikk i mange år. Alle

– Eit fantastisk miljø

– Eg synest det let heilt utrueg bra, eg, altså.

Tor er imonert over «veteranane» når han set i gang «Sønner av Norge», den fyrste marsjen korpset spelte saman.

– Eg hugsar at det var den einaste vi kunne i starten, smiler Tor, medan han gler seg over gamleelevane som har børsta støv av instrumenta.

I helga hadde rundt 13 av dei som tidegare spelte i kvamsmusikken teke turen heim, for å vera med på jubileumsfesten. Fleire kom langvegs frå; frå Bergen, Stavanger og Bodø.

Elin Moen frå Trondheim er ei av dei som var med i korpset nesten frå starten i 1977.

– Eg gjekk eitt år på notekurs fyrst, hugsar eg, fortel ho.

– Vi var ein fin gjeng, og det var eit fantastisk miljø i korpset. Og så var vi så mange! På det meste var vi over 80 medlemmar, legg ho til.

– Det var vel omtrent halvparten av alle som gjekk på barneskulen som var med, legg Ola Stormorken til. Han og Jo Røssummoen er to av dei som var med frå den spede begynnelse, i dag er begge fortsatt aktive i vaksenmusikken.

Triveleg: Dei har gode minne frå skulemusikken, Jo Røssummoen (f.v.), Iver Røssum, Elin Moen og Ola Stormorken.
Ein lang marsj: Det lét bra frå scenen, da tidlegare musikantar bles liv i instrumenta sine laurdag.

Gode minne

Da gamlegjengen frå musikken møttest i helga, var det for både det sosiale og for det musikalske. Både fredag og laurdag var det øving, før det var duka for jubileumsfeiring laurdag kveld, og reunionfest utover natta.

Og ein gong skulemusikant, alltid skulemusikant: Veteranane, saman med dagens medlemmar av skulemusikken, varta opp med feiande flott musikk.

– Det er kjempeartig å møte alle saman att, seier tidlegare dirigent Ola Moen.

– Tilbakemeldingane frå dei alle er at dette var skikkeleg tylé. Vi har mange gode minne frå åra i korpset, seier han.

Også i dag er det mange som spelar i korps i Kvam.

– Vi er rundt 30 musikantar, med stort og smått. Sjølv om det ikkje er som det var i storheitsperioden, så er det godt miljø likevel, slår han fast.

Denne gjengen held god takt og tone i "jubileumskorpset". Foto: Tone Sidsel Sanden
Dagens korps, krydra med nokre "veteranar". Foto: Tone Sidsel Sanden