Det var regionavisa GD som fyrst omtala prisen, som vart delt ut laurdag kveld.

- Det var veldig gledeleg og ei stor ære, da eg fekk beskjed om at vi hadde fått denne prisen. Det er eit synleg bevis på at jobben vi gjer er bra, uttala ordføraren til GD etter at prisen var delt ut laurdag.

I grunngjevinga er det mellom anna lagt vekt på at kommunen alltid er tilgjengeleg.

- Vi oppmodar alle andre kommunar å gjera som Nord-Fron, seier Merete Furuberg, leiar i NBS, i følge GD.

Styret i NBS har vore jury. Bakgrunnen for prisen har vore den store ulikskapen i måten kommunar stiller opp for beitenæringa, ikkje minst mot rovviltplaga. Prisen skal lyfte fram kommunar som utmerkar seg i positiv retning, og på den måten vise fram eit eksempel for andre kommuner til korleis ein kan støtte opp om ei hardt pressa beitenæring.

Kriterier for prisen ”Årets beitekommune”:

• Er i tett dialog med beitenæringa før, under og etter beitesesongen.

• Tek tak i den psykiske belastninga rovviltangrep utgjer for beitebrukarane

• Tek på seg ansvaret for søknader om skadefellingsløyve

• Klager på eventuelle avslag

• Bidreg til mest mogleg rettferdig erstatningsoppgjer

• Kursar og organiserer kommunens skadefellingslag på ein god måte

• Bidreg til kurs for kadaverhundekvipasjer

• Etablerar varslingsteneste ved rovvilt/angrep i beiteområda